Velkomen til Eid bibliotek

Sommarope

Måndag 19. juni - Fredag 18. august:
Måndag, Tysdag, Torsdag: 10.00-15.00
NB! 26. - 30. juni: STENGT

 

Opningstider

Måndag kl 09.00-15.30

Tysdag kl 09.00-18.30
Onsdag kl 09.00-15.30
Torsdag kl 09.00-18.30
Fredag kl 09.00-13.00 

 

 

 

Biblioteket er ope for alle. Hos oss kan ein låne bøker, tidsskrift, lydbøker, dvd, dataspel og kombidokument. Ein kan lese aviser, bruke Internett eller sette seg i ein lyttestol og lytte til musikk eller lydbøker. Vi har lokalsamling med lokal litteratur og mikrofilmlesar. Vi har også stille lesesal og grupperom.

 

Utlån
Lån er gratis, og lånetida er normalt fire veker. Dersom ein ynskjer å bli lånar, kan ein få lånekort mot å vise legitimasjon. Dersom ein ynskjer det kan ein få eit nasjonalt lånekort.

 

Bøker
Biblioteket er inndelt i ei barneavdeling og ei vaksenavdeling. Her finn ein skjønnlitteratur -  lyrikk, skodespel og prosa - og faglitteratur om alle emne. I barneavdelinga kan ein til dømes finne peikebøker, lettleste bøker og teikneseriar. Biblioteket har ei større samling krimbøker, bøker på engelsk og ei eiga lokalsamling med bøker og anna materiale frå vår kommune/vårt distrikt. Lokalsamlinga har mikrofilmlesar.

 

Tidsskrift og aviser
Biblioteket har eit variert utval av tidsskrift, allmennkulturelle og fagspesifikke. Dei er til utlån, unnateke nyaste nummer som berre er til gjennomsyn.
Biblioteket har regionavisene Sunnmørsposten og Bergens Tidende, og lokalavisene Fjordabladet, Fjordenes Tidende og Firda.

 

Lydbøker
På biblioteket kan ein låne lydbøker både for barn og for vaksne. Dei fleste lydbøkene er på CD, men vi har også ein del digibøker og digikort. Vi har også språkkurs som kombidokument (lyd+tekst). Det gjeld vanleg utlånstid  på 4 veker for lydbøker. Dersom ein ynskjer det kan ein lytte til lydbøker på biblioteket i ein av våre lyttestolar. 

 

DVD
På biblioteket kan ein låne film på DVD både for barn og for vaksne. Lånetid for DVD er 1 veke.

 

Fjernlån

Bøker og anna materiale som Eid bibliotek ikkje har i samlinga, kan vi som regel låne inn frå andre bibliotek. Alle offentlege, og dei fleste private, bibliotek samarbeider om denne tenesta som er gratis for lånaren.

 

Internett

Biblioteket har PC ar med Internett tilgjengeleg for publikum. Ein kan skrive ut frå PC ane. Vi har også trådlaust Internett for publikum.

 

Lesesal

Biblioteket har stille lesesal med 14 arbeidsplassar. På lesesalen finn ein oppslagsverk innanfor alle fag og emne.

 

Lokalsamling

På lokalsamlinga finn ein lokale bøker, som bygdebøker/gard og ætt og årbøker/sogeskrift. Vi har folketejingar, kyrkjebøker og klokkarbøker på mikrofilm, og vi har mikrofilmlesar. Her er arbeidsplass for den som vil studere i fred. Rommet kan også brukast som grupperom.

 

Utstillingar
Bibliotekpersonalet lagar utstillingar om varierande tema. Vi har også utstillingar laga av andre, både lag, foreiningar og privatpersonar.

 

PressReader

Gjennom Pressreader appen kan du få tilgang til tusenvis av aviser og tidsskrift på meir enn hundre forskjellege språk. Blant dei norske avisene finn du mellom anna Aftenposten og Dagbladet. Last ned appen Pressreader til din telefon eller nettbrett (fungerer også på Microsoft-telefonar) og kom innom biblioteket, då får du automatisk nedlastingstilgang i tre dagar. Merk at det ikkje er noka grense for kor mykje du kan laste ned, men at du sjølv må sørge for at tidsskrifta vert sletta frå telefonen din etter kvart. Ein kan også få tilgang til PressReader si nettsideutgåve på biblioteket.