Operahuset

"Å BYGGE EIT TEAM!" - Kommunikasjon - Leiarskap - Utvikling


Fredag 8. oktober i Operahuset Nordfjord


Klikk for å kjøpe billett FULL PAKKE: Seminar, lunsj, operaframsyning, middag og dans. Pris per billett: kr 1.995 (+ avgift)

 Seminaret startar kl 10.00 og varer til kl 16.00. Operaframsyninga startar kl 18.30. 
 Middagen tek til rett etter operaframsyniga og kvelden held fram til klokka 01.30. 
                                
Alt føregår under same tak, i Operahuset Nordfjord.


Klikk for å kjøpe billett BERRE SEMINAR OG LUNSJ: Utan operaframsyning, middag og dans. Pris per billett: kr 1.295 (+ avgift)
 
Seminaret startar kl 10.00 og varer til kl 16.00.

 



ingebrigt_stort

Fotballoperaseminaret 2010

Eid IL Fotball, i samarbeid med Bryggen Hotell og Sparebanken Vest, er stolte av å invitere til Fotballoperaseminaret 2010. Seminaret er laga spesielt for deg som vil få til noke ilag med andre, og ha det moro undervegs!  Næringsliv, idrettsfolk, politikarar og grunderar  - dette er seminaret de berre ikkje kan gå glipp av i 2010!  


Ingebrigt Steen Jensen: Styreformann i Stabæk Fotball, forfattar, rådgjevar, reklamemann, fotballentusiast, og ein av landets mest ettertrakta føredragsholdarar. Ingebrigt skal snakke om kommunikasjon og begeistring!

jan jonsson snudd

 

Jan Jönsson: Trenar for Stabæk fotball, som leia laget frå 1.divisjon i 2005 til seriemesterskap i Tippeligaen i 2008. Han er høgaktuell som ny trenar for Rosenborg, og har også vore lansert som ny landslagstrenar både i Norge og Sverige. Jan skal ta føre seg temaet leiarskap på seminaret.

 

 

Harald Aabrekk: Debuterte som spelar for Sogndal i 1974, og var innom Brann før han kom attende til Sogndal og var sterkt delaktig i opprykk til eliteserien i 1981. Som trenar har Aabrekk vore innom fleire norske toppklubbar, han har vore spelarutviklar og assisterande trenar for det norske seniorlandslaget og trenar for U-landslaget i fotball. Harald tok nyleg over som ny hovudtrenar for Sogndal. Harald skal førelese i temaet utvikling!harald aabrekk


 

 

 

 

 

 

Are Kalvø: Humorist, forfattar, programleiar og kåssør – no også operakomponist! Are forteller oss historia bak: ”Norge-Brasil, ein Opera” saman med Helge Førde, kjend fra Brazz Bros, som har skrive musikken til operaen. are kalvø

Helge førde

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

kari pavelichKari Standal Pavelich: Musikar, initiativtakar og drivkraft i Opera Nordfjord.  Kari skal fortelje oss den gode historia om Opera Nordfjord! Den er sann, den lever i beste velgåande og den utviklar seg stadig, i ei lita bygd på Vestlandet…


Alt dette under kyndig leiing av dagens konfransier: Roy Aron Myklebust. Roy Aron er godt kjent som lokal humorist, bl.a frå Radio Røysi på NRK Sogn og Fjordane. Han kjem frå ”Sommargale Stryn”, og vaks opp på Panoramavegen…

På kvelden skal vi oppleve ”Norge-Brasil - ein opera”, som omhandlar klassikaren frå VM i 1998, der Norge slo Brasil 2-1.  Etterpå er det middag, underhalning og dans.


Klikk for å kjøpe billett Pris pr.billett: kr.1995 (+ avgift)

 Billetten inkluderar seminar, lunsj, operaframsyning, middag og dans.

                          Seminaret starter klokka 10.00 og varer til 16.00

                          Operaframsyninga starter 18.30

                          Middagen tek til rett etter operaframsyniga og kvelden held fram til klokka 01.30.

                                Alt føregår under same tak, i Operahuset Nordfjord. Velkomen!


EID - stadig fleire finn vegen hit