BABYkino: Lady Bird
Noregspremiere: 16.03.2018
Originaltittel: Lady Bird
Sjanger: Komedie
Manus: Greta Gerwig
Nasjonalitet: USA
Språk: Engelsk
Lengde: 1 t. 33 min.
Produksjonsår: 2017
Produksjonsselskap: Scott Rudin Productions, Entertainment 360, IAC Films
Distribusjon: United International Pictures
Aldersgrense: Alle
Begrunning: Denne filmen inneholder ingen scener som antas å ha skadelig virkning på barn. Filmen blir derfor tillatt for alle.

BABYkino: Lady Bird

Velkommen til BABYkino- visning av Lady Bird! 

 

Denne visninga er spesielt tilpassa for å kunne ta med seg babyen på kino. Filmen visast med dempa lyd og litt lys i salen, slik at det er enkelt å bevege seg rundt. 

 

Du som vil kome utan baby er sjølvsagt også velkomen! :) 

 

 

 

Christine (Saoirse Ronan) lengtar vekk frå det stilleståande livet i Sacramento og prøver å kome inn på college i New York. Ho er på kant med mora, som ho nok er meir lik enn ho ynskjer å innrømme, og har døypt seg sjølv Lady Bird for å skilje seg ut. Vegen mot å bli 18 år er frykteleg lang når ein har eit mykje større vingespenn enn omgjevnadane tillet.

 

Lady Bird er ei uimotståeleg sjarmbombe om vennskap, kjærleik og lausriving frå foreldre.Filmen vart nominert til fem Oscar, for beste film, hovedrolle, birolle, manus og regi, og stakk av med to Golden Globe- prisar, både beste film og beste kvinnelege skodespelar. Manus og regi er ved Greta Gerwig, og med Saoirse Ronan i hovudrolla som Christine.