Slik kjøper du billettar

Billettar til kino og framsyningar i Operahuset Nordfjord kan kjøpast her på vår internettside, på Eid bibliotek i Operahuset Nordfjord, og ved inngangen om lag ein time før arrangementet startar, om det då framleis er ledige billettar att.

 

Den enklaste måten å kjøpe billettar på er via vår nettside, eller med appen eBillett

 

Bruksanvisning billettkjøp på nett:

1) Ha kredittkort og bank-ID tilgjengeleg.

2) Trykk på ikonet "Kjøp billett" på det aktuelle arrangementet.

3) Vel antal og type billettar og trykk på "Fortsett". NB! Dobbeltsjekk at du har valt riktig dag og arrangement!

4) Vel kvar i salen du vil sitje. Øvst på sida er lengst framme i salen, mot scena/lerret. Trykk på "Fortsett".

5) Skriv inn epostadressa di. Her kan du velje å opprette profil, eller fortsetje utan. Dette er førebels frivillig bortsett frå på Opera Nordfjord og Riksteatret sine framsyningar, dei krev registrering. Med profil ligg billettkjøpa dine lagra, og du kan m.a. velje å opprette hurtig innlogging utan passord for seinare besøk.

6) Vel betalingsmetode. Du kan velje mellom å betale med kredittkort, gåvekort eller Vipps - eller ein kombinasjon av desse. Trykk på "Fortsett". 

7) I neste bilete kjem du til betaling, følg anvisningane på skjermen. Her har bankane ulike løysingar, ved problem her, kontakt din bank.

8) Ved fullført betaling, kjem billettane opp på skjermen og/eller sendt til di registrerte epostadresse. Skriv ut billettane, eller lagre dei for utskrift seinare.

 

Usikker på om kjøpet vart gjennomført? Klikk her!

 

Problem? Sjekk hjelpesidene til eBillett eller kontakt post@ebillett.no eller post@operahuset.no.


Rullestol-/handikapplassar:

Både operasalen og kinosalen har plass til rullestolar. Billettar til desse plassane kan ikkje kjøpast på nettet. Kontakt oss for å ordne dette: Send epost til post@operahuset.no, kom innom Eid bibliotek (tlf 918 58 980) eller "billettskranken" i operahuset når her er kino og arrangement. 

NB! Det er trapp opp til galleriet i operasalen, ikkje tilkomst via heis. Dei som har vanskar med å gå trapper bør difor kjøpe billettar nede i salen, på parkett (som er stolar i amfi).

 

Følgjekort/ledsagerbevis: 

Operahuset Nordfjord aksepterer følgjekort/ledsagerbevis. Med eit slikt bevis, kan vedkomande ha med gratis følgje på arrangement. Sidan det er gratisbillett, kan ikkje dette kjøpast på nettet, men på Eid bibliotek, i "billettluka" på kino- og kulturarrangement eller reserverast ved å kontakte post@operahuset.no

 

Aldersgrense barn:

Barnebillett gjeld til og med 14 år. Frå 15 år og oppover betaler ein vaksenbillett. Det er alderen på arrangementsdagen som gjeld. Går ein på eit arrangement dagen før 15-årsdagen, gjeld barnebillett. Deretter vaksen.

Nedre aldersgrense for barn: Dersom barnet skal ha eige sete, betaler ein barnebillett.

På nokre framsyningar er det ikkje barnebillett, då gjeld ordinær pris for både barn og vaksne. Kinoar med 15- og 18-års sensur har sjølvsagt ikkje barnebillett. 

 

Rabattar:

På nokre arrangement er det berre ordinær billett, andre har også barnebillett, medan det også finst arrangement med rabattar for honnør, student, medlem i ulike organisasjonar osv. Informasjon om dette står i omtalen av arrangementet og når ein kjøper billett på nettet. Riksteatret er blant dei som har fleire ulike rabattar.

 

Kredittsal:

Større grupper, bedrifter osv kan få tilsendt faktura på billettane. Fakturaen må vere betalt før billettane vert sende eller kan hentast. Kontakt post@operahuset.no for å gjere avtale.

 

Billettavgifter:

Inkludert i pris per selde billett: Seteavgift 20 kr til Operahuset Nordfjord. Billettavgift 5 kr