Brillebjørn på bondegården
Norgespremiere: 23.03.2018
Originaltittel: Brillebjørn på bondegården
Sjanger: Barnefilm
Manus Maiken Marstrander, Eda Syvertsen, Kristine Hübert, Jonas Ravn
Produsent: Nils Stokke
Nasjonalitet: Norge
Språk: Norsk
Lengde: 1 t. 3 min.
Produksjonsår: 2018
Distribusjon: Selmer Media
Aldersgrense: tillatt for alle

Laurdag 24. mars kl. 12:00 - 15:00 blir det Gardsmoro utanfor Operahuset! Eid bondelag og Eid Fjordhestlag stiller med kjekke aktivitetar - her kan du kose med ein sau, prøvekøyre ein parkert traktor eller få deg ein ridetur! Eid bibliotek har ei flott utstilling med kjekke bøker som handlar om gard og dyr. Sjå meir informasjon på vårt Facebook- arrangement. Velkomen! 

 

Dei minste borna sin favorittbjørn, Brillebjørn, tek spranget frå Barne- TV til filmlerretet, og tek dei aller minste med på eit spennande eventyr! 

 

Brillebjørn og Lucy skal besøke bestemor og bestefar på garden. Her er det sauer, kyr, traktorar og mykje anna spennande. Men nokre gongar er ikkje alt like moro, og då er det godt at Brillebjørn har fantasimagi! Velkomen til ei koseleg stund for heile familien!