DAGkino: Norske byggeklosser

Norgespremiere: 21.02.2018

Originaltittel: Norske byggeklosser

Sjanger: Komedie

Skodespelarar: Atle AntonsenAnders Baasmo ChristiansenIne JansenAnne Marit Jacobsen

Regi: Arild Fröhlich

Manus: Atle Antonsen, Arild Fröhlich

Produsent: Jørgen Storm Rosenberg, Kjetil Omberg

Nasjonalitet: Norge

Språk: Norsk

Lengde: 1t 39min

Produksjonsår: 2018

Produksjonsselskap: 74 Entertainmen

Distribusjon: Nordisk Film Distribusjon AS

Aldersgrense: 12 år 

DAGkino: Norske byggeklosser

Merete og Jens, et par i tredveåra, har endeleg lukka med seg når dei heilt uventa arvar eit hus. Etter altfor mange år i sokkelleilegheita hos den temmeleg eksentriske mora til Jens, er dei overmodne for noko eige. No har dei sjansen til å få det dei drøymer om - eit hus med hage før dei får born. Dei må nok pusse opp litt, men kor vanskeleg kan dét vere, liksom?


Men, som mange par har oppdaga før dei: det er mange potensielle feller når ein skal skape sin eigen heim, særleg når paret sjølve ikkje har nevneverdige praktiske evner og må stole blindt på "ekspertisen". Problema hopar seg kjapt opp i møtet med systemet og folka som representerer det (alle spelt av Atle Antonsen): Den korrupte saksbehandlaren hos Plan- og bygg, dei austeuropeiske arbeidarane som er meir opptekne av dofasilitater enn snikkararbeid, den alternative øko-arkitekten og petimeteret på gjenbruksstasjonen, for å nevne nokre. Når paret i tillegg må handtere den stadig meir maniske svigermora som lid av ei uforklarleg lyst til å brenne ting, blir det fort meir enn dei klarar å handtere. For jakta på "det perfekte liv" kan fort true lysta til å ha noko liv saman i det heile.


Oppussingskomedien er ein ny norsk komedie, inspirert av den norske klassikaren frå 1972, om alle situasjonane som oppstår når evner og omstende ikkje nødvendigvis matchar ambisjonane. I hovudrollane som Merete og Jens finn vi Ine Jansen og Anders Baasmo Christiansen, medan Atle Antonsen kan skrive seg for heile 11 roller i løpet av filmen.