PÅ EID KINO NO
  • Isle of Dogs

    Isle of Dogs

    Wes Anderson er tilbake med ny kritikarrost film!

     

    I Isle of Dogs møter vi 12 år gamle Atari Kobayashi, som er adoptivsonen til den korrupte borgermeisteren i byen. Ein dag blir alle hundane i byen beordra dumpa på eit søppeldeponi på ei øy. Då tek Atari saka i eigne hender for å redde vakthunden sin, Spot. 

     

    Då flyet til Atari krasjlandar på denne søppeløya, møter han ein flott hundar beståande av Chief, Rex, Boss, Duke og King. Saman med sine nye vener legg Atari ut på eit episk eventyr som vil avgjere framtida for heile riket. 

     

    Regien er ved Wes Anderson, som mellom anna er kjend for suksessane The Royal TenenbaumsGrand Hotel Budapest og Den fantastiske Mikkel Rev. 

     

     

    En pelskledd opplevelse fra Wes Anderson!

    NRK Filmpolitiet, terningkast 5

     

    Wes Anderson leverer nok en uimotståelig dukkeanimasjon.

    Aftenposten, terningkast 5

     

    Kan knapt bli bedre!

    Dagsavisen, terningkast 5

    sø 27 mai kl. 17:30 KJØP BILLETT

  • Solo: A Star Wars Story

    Solo: A Star Wars Story

    I "Solo: A Star Wars Story" tek Millennium Falcon oss med på ei reise til ein galakse langt, langt vekke, og ut på eit heilt nytt eventyr med dei mest elska kjeltringane i galaksen.

     

    Gjennom ein serie av dristige eskapadar djupt inn i ein mørk og farleg kriminell underverden, møter Han Solo sin mektige, framtidige co-pilot Chewbacca og støter på den notoriske gamblaren Lando Calrissian. Dette blir ei reise som vil stake ut kursen til ein av dei mest usannsynlige heltane i Star Wars- sagaen.

    sø 27 mai kl. 20:00 KJØP BILLETT

  • BABYkino: I Feel Pretty

    BABYkino: I Feel Pretty

    Velkommen til BABYkino- visning av "I Feel Pretty"! 

     

    Denne visninga er spesielt tilpassa for å kunne ta med seg babyen på kino. Filmen visast med dempa lyd og litt lys i salen, slik at det er enkelt å bevege seg rundt, og du kan ta med deg vogna eller bærestolen inn i salen. 

     

    Du som vil kome utan baby er sjølvsagt også velkomen! :) 

     

     

    Herleg og gjenkjennande komedie med Amy Schumer i hovudrolla!

     

    I denne filmen møter vi Renee, ei heilt vanleg kvinne som slit med usikkerheit og kompleksar, som dei fleste andre kvinner. Etter at ho slår hovudet kraftig i ein spinningtime, vaknar ho opp med eit fantastisk sjølvbilete! Etter ein titt i speglen kjenner ho seg som den vakraste skapningen på planeten, og med denne nyvunne sjølvtilliten går ho fryktlaust ut att i livet. Med eitt startar ting å ordne seg for Reenee - ny jobb, nye vener og mange nye moglegheiter. Men kva skjer når ho forstår at utsjånanden hennar i grunnen aldri forandra seg? 

    fr 01 jun kl. 11:00 KJØP BILLETT

  • Jungelgjengen

    Jungelgjengen

    Jungelgjengen - kjent frå NRK BarneTV!

     

    Maurice kan sjå ut som ein pingvin - men han er ein ekte tiger inni! Oppdradd av en tiger, er han den mest klumpete Kung-Fu-meisteren nokonsinne. Saman med venene i Jungelgjengen har han tenkt å oppretthalde orden og rettferd i jungelen. Akkurat som tigermor gjorde før han. Men Igor, ein ond koala, vil ødelegge jungelen ein gong for alle, med hjelp av ei hær av dumme apar. Men Jungelgjengen kjem til unnsetning - igjen!

    fr 01 jun kl. 18:00 KJØP BILLETT
    sø 03 jun kl. 17:30 KJØP BILLETT

  • Adrift

    Adrift

    Sterk og spennande film, basert på ei sann hending om å overleve, om kjærleik, og om eit eventyr som brått vendar når orkanen Raymond dukkar opp. 

     

    Tami (Shailene Woodley) og Richard (Sam Claflin) er to reiseglade menneske som ved eit tilfeldig møte fell for kvarandre og finn den store kjærleiken. Dei set segl ut mot havet og seglar uventa inn i den katastrofale orkanen Raymond. I etterkant av stormen vaknar Tami opp til ein hardt skada Richard og ein seglbåt i ruinar. Med eit lite håp om å bli redda må Tami finne styrkje og vilje til å redde både seg sjølv og den einaste mannen ho nokon gong har elska. 

     

    fr 01 jun kl. 20:30 KJØP BILLETT

  • Tully

    Tully

    Tully er ei moderne, varm og nesten rørande ærleg komedie om å vere mor i 2018.

     

    Marlo (Charlize Theron) er trebarnsmor, yngstemann er nyfødd og dagane er utmattande. Broren hennar er ein vellukka forretningsfyr som sit godt i det, og når han ser at Marlo treng hjelp (og søvn!) foreslår han å hyre inn ei barnepike. Det tek litt tid før Marlo venner seg til tanken, men snart knytast det eit unikt bånd mellom den slitne mora og den omsorgsfulle, overraskande og nokre gongar utfordrande unge barnepiken Tully (spelt av Mackenzie Davis).

    sø 03 jun kl. 20:00 KJØP BILLETT

  • DAGkino: Norske byggeklosser

    DAGkino: Norske byggeklosser

    Velkommen til DAGkino! 

     

    DAGens film er den kritikarroste norske komedien "Norske Byggeklosser" frå 2018. 

    ma 04 jun kl. 12:00 KJØP BILLETT

  • Jurassic Park: Fallen Kingdom

    Jurassic Park: Fallen Kingdom

    Endeleg! Oppfølgaren til suksessen "Jurassic World" er her, med Chris Pratt og Bryce Dallas Howard i hovudrollane.

    fr 08 jun kl. 20:30 KJØP BILLETT