Per Fugelli: Siste resept
Norgespremiere: 26.01.2018
Originaltittel: Per Fugelli - siste resept
Sjanger: Dokumentar
Regi: Erik Poppe
Produsent: Stein Kvae og Finn Gjerdrum
Foto: Martin Otterbeck
Nasjonalitet: Norge
Språk: Norsk
Lengde: 1 t. 50 min.
Produksjonsår: 2018
Produksjonsselskap: Paradox
Distribusjon: Nordisk Film Distribusjon AS
Aldersgrense: tillatt for alle

Per Fugelli: Siste resept

Samfunnet var hans pasient, hele landet hans skrivebord, og mediene hans konsultasjonsrom.

 

Som vår kollektive fastlege har han snakka i store, vakre bokstavar, gjerne i krigstypar, om helsa vår. Samfunnsdebattanten og sosialmedisineren Per Fugelli blei det siste halvtanna året følgd tett av filmskapar Erik Poppe og resultatet er eit meget personleg, tankevekkande og humoristisk portrett.

 

"Per Fugelli - siste resept" er en rørande og livsbejaende film om å leve for fullt til det heile er over.

 

Per Fugelli vart dei siste åra hylla for sin humanisme, samfunnsengasjement, humor og openhet om døden, noko som reflekterast i filmen. Hani kjempa mot moralisme, kroppspress, prestasjonssamfunnet og innvandringsfiendtlighet. Som samfunnsdebattant og sosialmedisinar sov han aldri, han var like oppteken av samfunnet sine skavankar, som kroppen sine. Like på tvers som varemerket sitt, sløyfa han alltid bar i halsen, plasserte han seg på tvers i den norske offentligheit.

 

Resepten hans på å lure døden, veke etter veke, besto i å fylle livet med meining, engasjement og humor. Han hamra laus kronikkar og innlegg om sine nye funn han ville dele. Om det politiske frostsjokket som rammar Norge, om måla for helse og lukke som blir meir og meir uoppnåelege og ikkje minst om dei sju dødsgledene. "Det er ikke så ille som folk vil ha det til, og den som dør får se", sa Fugelli leande. Fugelli skreiv nesten femti bøker, utallige aviskommentarer og han fekk ei rekkje utmerkingar, der Fritt ords pris frå 2013 var hans viktigste anerkjennelse.

 

Møtet mellom Per Fugelli og Erik Poppe innleda det siste halvtanna året av Per sitt liv. Når Fugelli valde å stanse den vidare medisinske forlenginga av livet, startet dei to samstundes å dokumentere siste akt og nokon av dei vakraste augeblinkane i Per sitt liv. "Filmingen har gitt meg enda en mening og friske nye farger i livet. Kanskje kommer jeg til Hollywood", smilte han lurt, kort tid før han døde i september 2017.