BALLETTkino: Svanesjøen

Originaltittel: Swan Lake

Sjanger: Ballett
Musikk: Pyotr Ilyich Tchaikovsky
Libretto: Vladimir Begichev, Vassili Geltser
Koreografi: Rudolf Nureyev
Etter Marius Petipa, Lev Ivanov

Set: Ezio Frigerio
Kostymer: Franca Squarciapino
Lysdesign: Vinicio Cheli

Dirigent: Valery Ovsyanikov for Paris Opera Orchestra

Varigheit: 2t 45 min

Veiledande aldersgrense: frå 6 år

BALLETTkino: Svanesjøen

Velkommen til BALLETTkino! 

 

Svanesjøen er basert på ei gammel tysk legende som fortel historien om Odette, ei prinsesse som blir forvandla til ei svane av ein ond trollmann som kastar ei forbanning over henne. Ho må leve som svane på dagtid, men om natta får ho tilbake si menneskelege form. Prinsen Siegfried ser henne i hennar menneskelige form og forelskar seg umiddelbart. Han ber Odette kome på slottsballet kvelden etter.

 

Trollmannen Von Rothbart finn ut av dette og tek med seg si datter Odile til ballet. Odile ser ut som Odette, berre at ho kler seg i svart medan Odette kler seg i kvitt. Siegfried trur Odile er Odette, og han svergar sin evige kjærleik til henne for å bryte forbanninga. Odette viser seg, og prinsen skjønar kor feil han har teke.

 

Svanesjøen er ein av verdas mest kjende og mest dansa ballettar, med musikk av den russiske komponisten Peter Tsjajkovskij. Hovudrolla som Odette blir rekna som den ypperste rolla ei ballerina kan danse. 

 

Kom inn i kinosalen og la deg rive med av vakker musikk, eksepsjonell dans og ei rørande historie!

 

No har du sjansen til å oppleve storslegne framsyningar frå verdas største scener i di eiga heimbygd! 

Fem kveldar denne våren kan du sjå desse framsyningar frå scener rundt om i Europa: 

 

31. januar:    TEATERkino -    Hamlet

14. februar:   MUSIKALkino -  Everybody's Talking About Jamie

7. mars:        KUNSTkino -    Water Lilies by Monet

10. april:      OPERAkino -    Carmen 

23. mai:       BALLETTkino -    Svanesjøen 

 

Trykk på titlane for å kome direkte til omtale og billettkjøp!

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 23 mai 18:00 Swan Lake - Opera de Paris 18/19 200 Kjøp