Barn
Norgespremiere: 13.09.2019
Originaltittel: Barn
Sjanger: Drama
Skodespelarar: 
Manus: Dag Johan Haugerud
Produsent: Yngve Sæther
Foto: Øystein Mamen
Musikk: Arnaud Fleurent-Didier
Nasjonalitet: Norge
Originalspråk: Norsk
Lengde: 2 t. 37 min.
Produksjonsår: 2018
Produksjonsselskap: Motlys
Distribusjon: Arthaus
Aldersgrense: 9 år
Begrunning: Denne filmen inneholder en dramatisk skildring av en ulykkessituasjon, og har en tematikk som kan virke urovekkende på yngre barn. Filmen får derfor aldersgrense 9 år.

Barn

Kva tid blir ein eigentleg vaksen?

 

BARN skildrar dei dramatiske etterdønningane av ei ulukke på ein barneskule i utkanten av Oslo. Det er friminutt og Lykke, den 13 år gamle dottera til ein profilert Arbeiderparti-politikar, skadar klassekameraten Jamie, sonen av ein framtredande Frp-politikar.

 

Rykta om kva som eigentleg har skjedd begynner å gå. Var det berre uskuldig leik? Liv, rektor på skulen og hemmeleg kjæraste med far til Jamie, må finne styrken til å konfrontere lokalsamfunnet og til å takle sine eigne motstridande kjensler. 

 

Filmen handlar om kva barn betyr for samfunnet i dag: Kva det vil si å ha, og å vere barn? Og i forlenginga av det - kva det vil si å vere vaksen? 

 

I filmen møter vi eit stjernelag av norske skodespelarar med Henriette Steenstrup, Jan Gunnar Røise, Thorbjørn Harr, Andrea Bræin Hovig, Hans Olav Brenner og Anne Marit Jacobsen i spissen. Dette er eit varmt og gripande drama frå Dag Johan Haugerud, regissøren av den kritikarroste Som du ser meg

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
sø 22 sep 19:30 Barn 100 9 år Kjøp