Bloodshot

Bloodshot

Hurra - vi er glade for å kunne opne opp kinosalen for litt fleire! Vi legg fortløpande ut nye kinoframsyningar i vekene framover, tilpassa gjeldande smittevernsreglar. Vi gler oss veldig til å ta i mot deg, men husk at du sjølvsagt må vere frisk frisk når du kjem! Er du sjuk eller har symptom på sjukdom, held du deg heime. Vi set fram antibac ved inngangane og ber deg om å bruke dette både når du kjem og i det du går.  

  

 - Du må kjøpe billett via nettsidene våre eller eBillett-appen. 

 - Billettane er unummererte. 

 - Du må registrere namn og kontaktinfo for å få gjennomføre kjøpet, og ved ein eventuell smittesituasjon kan opplysningane dine bli delt med smittevernmyndigheitene. 

 - Publikum skal sitte med minimum 1 meters mellomrom, det tilsvarer to tomme seter sidelengs og på skrå bakover/framover.

 - Personar frå same husstand har lov å sitje saman.

 - Kinoverten hjelper til med plasseringa i salen, og har mynde til å flytte på publikum for at 1 meters-grensa skal haldast. 

 - Vi har plass til 28 publikummarar på kvar visning.

 

Følg også Stad kino på Facebook for oppdateringar! 

 

 

OMTALE: 

Vin Diesel spelar Ray Garrison, ein soldat som nyleg vart drepen i aksjon, og gjenoppliva som superhelten Bloodshot av selskapet RST. Med ein hær av nanoteknologi i blodårane hans er han ustoppeleg – sterkare og i stand til å legast på ein augneblink. Men RST kontrollerar meir enn berre styrken hans, dei har også kontroll over psyken og hukommelsen hans. Ray veit ikkje lenger kva som er ekte, men han er på veg til å finne ut av det.

 

 

Lengde: 1 t. 49 min.
Aldersgrense med begrunning: 12 år
Denne filmen har flere partier med intens actionpreget vold. Da dette foregår i en science-fiction-ramme og volden ikke er nærgående skildret, får filmen aldersgrense 12 år.
 

Premiere: 13.03.2020
Skodespelarar: Vin Diesel, Eiza González, Toby Kebbell, Sam Heughan
Sjanger: Action / Drama / Fantasy / Sci-Fi
Regi: Dave Wilson
Nasjonalitet: USA
Språk: engelsk
Distributør: SF Norge