OPERAkino: La Traviata

Originaltittel: La Traviata

Musikk: Guiseppe Verdi

 

Lengde: ca 3t 5 min

Aldersgrense: tillatt for alle

OPERAkino: La Traviata

Velkomen til OPERAkino med klassikaren La Traviata frå Opera de Paris! 

 

Guiseppe Verdi sin klassiske opera handlar om Violetta og Alfredo som forelskar seg. Dessverre viser det seg at faren til Alfredo har heilt andre planar for sonen, og han pressar Violetta til å forlate Alfredo.

 

Årets produksjon hos Opera Paris er av den framadstormande regissøren Simon Stone, som gjer sin Paris-debut med denne oppsetninga! Stone har tidlegare regissert teaterstykker i både Melbourne, Sydney, Sveits, Amsterdam og London. 

 

I rolla som Violetta finn vi Pretty Yende, som mellom anna har sunge i La Fille du Régiment hos hos Metropolitan Opera i sesongen 2018/2019. Dette blir Yende sin debut som Violetta.

 

Songarar

Violetta Valéry – Pretty Yende
Flora Bervoix – Catherine Trottmann
Annina – Marion Lebégue
Alfredo Germont – Bernjamin Bernheim
Giorgio Germont – Jean-Francois Lapointe
Gastone – Julien Dran
Il Barone Douphol – Christian Helmer
Il Marchese d’Obigny – Marc Labonnette
Dottor Grenvil – Thomas Dear
Guiseppe – Luca Sannai
Domestico – Enzo Coro
Commissionario – Oliver Ayault

 

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 07 nov 18:00 La Traviata - Opera Paris 19/20 - Live 200 Kjøp