Pelle Svansløs

Pelle Svansløs

Hurra - vi er glade for å kunne opne opp kinosalen for litt fleire! Vi legg fortløpande ut nye kinoframsyningar i vekene framover, tilpassa gjeldande smittevernsreglar. Vi gler oss veldig til å ta i mot deg, men husk at du sjølvsagt må vere frisk frisk når du kjem! Er du sjuk eller har symptom på sjukdom, held du deg heime. Vi set fram antibac ved inngangane og ber deg om å bruke dette både når du kjem og i det du går.  

 

 

 - Du må kjøpe billett via nettsidene våre eller eBillett-appen. 

 - Billettane er unummererte. 

 - Du må registrere namn og kontaktinfo for å få gjennomføre kjøpet, og ved ein eventuell smittesituasjon kan opplysningane dine bli delt med smittevernmyndigheitene. 

 - Publikum skal sitte med minimum 1 meters mellomrom, det tilsvarer to tomme seter sidelengs og på skrå bakover/framover.

 - Personar frå same husstand har lov å sitje saman.

 - Kinoverten hjelper til med plasseringa i salen, og har mynde til å flytte på publikum for at 1 meters-grensa skal haldast. 

 - Vi har plass til 28 publikummarar på kvar visning.

 

Følg også Stad kino på Facebook for oppdateringar! 

 

 

OMTALE: 

Bli med kattungen Pelle Svansløs på eventyr - ein koseleg film for dei minste! 

 

Pelle lever eit fantastisk liv på landet saman med Birgitte, jenta som elskar han mest på denne jord. I ein forferdeleg storm dett Pelle ned i ei elv som fører han heilt aleine til den underlege storbyen Uppsala. Der treff han mange nye vener, men byen er også full av ikkje så koselege typar. Korleis skal Pelle halde fram med å tru at ein skal vere snill mot alle? Er motet hans nok til å bli ein helt? Og vil han nokon gong kome heim til Birgitte igjen?

 

 

Lengde: 1 t. 7 min.

Aldersgrense med begrunning: Tillatt for alle
Denne filmen inneholder kortvarige spennende elementer. Da disse foregår i en trygg ramme, får filmen aldersgrense tillatt for alle.

 

Premiere: 24.04.2020
Sjanger: Animasjon
Regi: Christian Ryltenius
Nasjonalitet: Sverige
Språk: Norsk dub
Produksjonsår: 2019
Distributør: SF Norge