Sonic The Hedgehog

Sonic The Hedgehog

Endeleg er kinofilmen om ein av verdas mest populære spillfigurar her!

 

Det utanomjordiske blå pinnsvinet Sonic kan springe i supersonisk hastigheit. Det kjem godt med når den galne Dr. Robotnik (Jim Carrey) planlegg verdsherredøme med sine sinnsjuke oppfinningar. Sonic måtte flykte frå heimplaneten sin som liten og søke tilflukt på Jorda for at evnane hans ikkje skulle falle i gale hender. Men når Dr. Robotnik får snusen i fartsfantomet, må Sonic og kompisen Tom (James Marsden) ta joggeskoa fatt før dei blir robolapskaus.

 

Klar, ferdig, gå - spenn deg fast for ein heidundrandes kinospeeddate med Sonic!

 

 

Lengde: 1t 40min

Aldersgrense: 6 år

Begrunning: Filmen inneholder flere actionscener med enkelte kraftige effekter, satt i en humoristisk ramme. Den får derfor aldersgrense 6 år.

 

Norgespremiere: 14.02.2020
Originaltittel: Sonic The Hedgehog
Sjanger: Action, Komedie
Produsent: Sega, Neal Moritz, Tim Miller
Distribusjon: United International Pictures