Tottori - Sommeren vi var alene

Vegen blir til medan ein går seg vill!


Vega (8) og Billie (4) er på fjelltur med pappa då det skjer ei ulukke! Han ramlar ned i ein fjellsprekk og skadar seg. Dermed må jentene forsøke å finne vegen tilbake for å hente hjelp. På ferda møter dei ville dyr, store og små utfordringar og dei må lære seg å temje si eiga frykt. Og kanskje dei to klarer å hjelpe pappa på eigenhand?

 

Tottori – Sommeren vi var alene er ein spennande og eventyrleg skogstur der to sysken utforskar naturen og finn si eiga indre superkraft!

 

 

Lengde: 1t 18min

Aldersgrense med begrunning: 6 år
Enkelte dramatiske scener gjør at denne barnefilmen får aldersgrense 6 år.

 

Premiere: 07.08.2020
Skodespelarar: Vega Østin, Billie Østin, Thomas Skjørestad, Nina Ellen Ødegård, Oddgeir Thune, Mette Arnstad, Kristoffer Joner
Sjanger: Familiefilm / Barnefilm
Regi: Silje Salomonsen, Arild Østin Ommundsen
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Produksjonsår: 2020
Distributør: Norsk Filmdistribusjon