PÅ EID KINO NO
  • Operasjon Mørkemann

    Operasjon Mørkemann

    Detektivbyrå nr. 2 har fått ei ny sak dei må løyse. I løpet av natta har det dukka opp mystiske hol i bakken, som gjer at sykkelen til Oliver blir øydelagt. Kven har laga desse hola, og kvifor? Leietrådane fører barnedetektivane Tiril og Oliver til Mørkemannen. For å kome til botnen av mysteriet må dei grave i fortida, ta i bruk sine aller beste triks og knep, vere snarrådige og bruke teknologien. 

     

    Operasjon Mørkemann er som ein spennande Sherlock Holmes- historie for heile familien, og har Noregspremiere 23. mars. 

    fr 27 apr kl. 18:00 KJØP BILLETT

  • Avengers: Infinity War

    Avengers: Infinity War

    Noregspremiere 25. april !

     

    Etter ei ti år lang og unik filmatisk reise i heile Marvel-universet kjem no Marvel Studios med Avengers: Infinity War, tidenes ultimate og dødelegaste konfrontasjon. Våre Avengers-heltar må no vere villige til å ofre alt i kampen mot den mektige Thanos, før hans totale ondskap øydelegger heile vårt univers. 

     

    MERK: Medietilsynet har ikkje sett aldersgrense på filmen endå. 

    fr 27 apr kl. 20:30 KJØP BILLETT
    sø 29 apr kl. 20:00 KJØP BILLETT
    to 03 mai kl. 19:00 KJØP BILLETT

  • Sherlock Gnomes

    Sherlock Gnomes

    Hagenissane Gnomeo og Julie rekrutterar den kjente detektiven Sherlock Gnomes til å etterforske dei mystiske forsvinningane av andre hagefigurar.

    sø 29 apr kl. 17:30 KJØP BILLETT

  • Den utrolige historien om den kjempestore pæra

    Den utrolige historien om den kjempestore pæra

    Basert på den populære barneboka med same namn!

     

    Elefanten Sebastian og bestevennen hans, katten Mitcho, bur i den hyggjelege hamnebyen Solby. Her er alle lukkelege, heilt fram til den dagen byen sin elskande borgermeister forsvinn!

     

    På fisketur fangar Mitcho ein flaskepost som viser seg å vere frå borgermeistaren. Han skriv at han er stranda på ei aude øy. I flaska ligg det også eit lite frø som Sebastian og Mitcho plantar, og i løpet av natta veks det fram ei kjempestor pære! Pæra byggast om til eit skip, og Mitcho og Sebastian seglar ut på eit spennande eventyr med piratar, sjødragar og spøkjelse. Det krev mykje mot, men ingenting kan stoppe dei to vennane som er fast bestemte på å finne den mystiske øya og hente heim borgarmeistaren.

    fr 04 mai kl. 18:00 KJØP BILLETT
    sø 06 mai kl. 17:30 KJØP BILLETT

  • I Feel Pretty

    I Feel Pretty

    Herleg og gjenkjennande komedie med Amy Schumer i hovudrolla!

     

    I denne filmen møter vi Renee, ei heilt vanleg kvinne som slit med usikkerheit og kompleksar, som dei fleste andre kvinner. Etter at ho slår hovudet kraftig i ein spinningtime, vaknar ho opp med eit fantastisk sjølvbilete! Etter ein titt i speglen kjenner ho seg som den vakraste skapningen på planeten, og med denne nyvunne sjølvtilliten går ho fryktlaust ut att i livet. Med eitt startar ting å ordne seg for Reenee - ny jobb, nye vener og mange nye moglegheiter. Men kva skjer når ho forstår at utsjånanden hennar i grunnen aldri forandra seg? 

    fr 04 mai kl. 20:30 KJØP BILLETT

  • DAGkino: Bjarne vil ikke på film

    DAGkino: Bjarne vil ikke på film

    Ei perle av ein dokumentarfilm - frå Oldedalen! 

     

    I filmen "Bjarne vil ikke på film" møter vi Bjarne Magnar Sunde (70), som bur i Oldedalen. Ideen til filmen kom då journaliststudenten Weronika Kinga Nitsch (36) flytta til Oldedalen og vart nabo med Bjarne. Hovudpersonen sjølv var bestemt på at han på ingen måte skulle filmast, derav tittelen, men Weronika gav seg ikkje. Resultatet har blitt ein 40 minutts dokumentarfilm om to veldig ulike menneske som etterkvart byrja å trivast veldig godt i lag.

     

    Weronika spør om liv og død, håp og draumar. Bjarne spør om hun ikkje ho snart kan halde opp. Men når kvinna bak kamera nektar å gje seg, oppstår eit samspel du sjelden har sett på film - fullt av absurditetar, varme, alvor og humor. Og stort sett berre ubesvarte spørsmål.

     

    ma 07 mai kl. 12:00 KJØP BILLETT

  • Deadpool 2

    Deadpool 2

    Deadpool er tilbake, og Eid kino gjev deg førpremiere 16. mai kl. 20:00! 

     

    Smart ass is about to meet bad ass

     

    Marvels rappkjefta leiesoldat er tilbake, større, betre og til tider meir bukselaus enn nokonsinne. Når ein supersoldat kjem på eit morderisk oppdrag, blir Deadpool nødd til å tenkje på vennskap, familie og kva det eigentleg betyr å vere ein helt - samtidig som han må sparke mange i ræva. Fordi, til tider må ein slåss skittent for å bekjempe all dritten.

    on 16 mai kl. 20:00 KJØP BILLETT