Utøya 22. juli
Utøya 22. juli
Norgespremiere: 09.03.2018
Originaltittel: Utøya 22. juli
Sjanger: Drama
Regi: Erik Poppe
Manus: Siv Rajendram Eliassen og Anna Bache-Wiig
Produsent: Finn Gjerdrum og Stein B. Kvae
Foto: Martin Otterbeck
Nasjonalitet: Norge
Språk: Norsk
Lengde: 1 t. 30 min.
Produksjonsår: 2018
Produksjonsselskap: Paradox Film 7
Distribusjon: Nordisk Film Distribusjon AS
Aldersgrense: 15 år

Spelefilmen "Utøya 22. juli" handlar om dagen vi aldri gløymer, men vanskeleg kan forstå. 

 

Ei stor mengde fakta frå AUF sin sommarleir 22. juli 2011 er allereie gjengivne i rettsaker, bøker og media. Men dei færraste av oss veit mykje om den ufattelege panikken og forvirringa som oppsto, eller dei umogleg vala ofra vart stilt ovanfor. Ein terror som påførte så mange ei frykt og ei sorg dei må leve med resten av livet. 

 

"Utøya 22. juli" er skriven på bakgrunn av vitneskildringar og kjende fakta, og skapt i tett dialog med fleire overlevande. Av respekt for ofra og pårørande er karakterar og enkelthendingar oppdikta. I filmen møter vi Kaja (18) og venene hennar på sommarleiren, og ser hendingane slik dei kunne ha sett ut for nokon på øya. Filmen startar når ungdommane, sjokkerte over bombeangrepet i Oslo, betryggar sine eigne pårørande med at dei er langt unna. Den trygge atmosfæren brytast då dei høyrer skot. Så føl vi Kaja i hennar kamp for å overleve, minutt for minutt. 

 

Mykje av det som har vore skrive og sagt i media har handla om terroristen sitt manifest, dom, soningsforhold og namnebyte. Med denne spelefilmen ynskjer regissør Erik Poppe å beskrive ungdomane sin kamp for å overleve det ubegripelege og bringe merksemda tilbake til ofra - dei som vart drepne og dei som overlevde, dei pårørande, familiane og dei etterletne. 

 

  - Opplevinga deira av denne politiske terrorien kan vanskeleg beskrivast med ord. Eg håpar filmen kan bidra til vår medkjensle og omsorg for dei som står tilbake, og skape større forståing for korleis tilfeldigheitene råda over alle sine skjebner i det kaoset som oppsto då ondskapen slo ned, seier Erik Poppe.