Billettinfo

Slik kjøper du billettar

Billettar til kino og framsyningar i Operahuset Nordfjord kan kjøpast her på vår internettside, i mobilappen eBillett, på Eid bibliotek i Operahuset Nordfjord, og ved inngangen om lag 1 time før arrangementet startar, om det då framleis er ledige billettar att.

 

Den enklaste måten å kjøpe billettar på er via vår nettside eller app. Her kan du kjøpe billettar 24 timar i døgnet. Du vel sjølv kvar du vil sitje i salen. Billetten betalar du med kredittkort. Billetten må skrivast ut på eigen printer. 

 

Bruksanvisning billettkjøp på nett:

1) Ha bank-/kredittkort og bank-ID tilgjengeleg

2) Trykk på ikonet "Kjøp billett" på det aktuelle arrangementet

3) Vel antal og type billettar og trykk på "Fortsett". NB! Dobbeltsjekk at du har valt riktig dag og arrangement!

4) Vel kvar i salen du vil sitje. Øvst på sida er lengst framme i salen, mot scena/lerret. Trykk på "Fortsett"

6) Skriv inn epostadressa di. Her kan du velje å opprette profil / logge inn, eller fortsetje utan. Dette er førebels frivillig bortsett frå på Opera Nordfjord og Riksteatret sine framsyningar, dei krev registrering. Med profil ligg billettkjøpa dine lagra, og du kan m.a. velje å opprette hurtig innlogging utan passord for seinare besøk.

7) Vel så betalingsmåte: Gåvekort (eitt eller fleire), bank-/kredittkort eller Vipps. Du kan også kombinere betalinsformene, t.d. betale litt med gåvekort og resten med kort.

8) I neste bilete kjem du til betaling, følg anvisningane på skjermen. Her har bankane ulike løysingar, ved problem her, kontakt din bank.

8) Ved fullført betaling, kjem billettane opp på skjermen og blir sendt til epostadressa du registrerte. Skriv ut billettane, eller lagre dei for utskrift seinare.

 

Usikker på om kjøpet vart gjennomført? Klikk her!

 

Problem? Sjekk hjelpesidene til Ebillett: https://ebillett.no/help eller kontakt post@ebillett.no eller post@operahuset.no.


Rullestol-/handikapplassar:

Både operasalen og kinosalen har plass til rullestolar. Billettar til desse plassane kan ikkje kjøpast på nettet. Kontakt oss for å ordne dette - post@operahuset.no

NB! Det er trapp opp til galleriet i operasalen, ikkje tilkomst via heis. Dei som har vanskar med å gå trapper bør difor kjøpe billettar nede i salen, på parkett (som er stolar i amfi).

 

Følgjekort/ledsagerbevis: 

Operahuset Nordfjord aksepterer følgjekort/ledsagerbevis. Med eit slikt bevis, kan vedkomande ha med gratis følgje på arrangement. Sidan det er gratisbillett, kan ikkje dette kjøpast på nettet, men på Eid bibliotek, i "billettluka" på kino- og kulturarrangement eller reserverast ved å kontakte post@operahuset.no

 

Aldersgrense barn:

Barnebillett gjeld til og med 14 år. Frå 15 år og oppover betaler ein vaksenbillett. Det er alderen på arrangementsdagen som gjeld. Går ein på eit arrangement dagen før 15-årsdagen, gjeld barnebillett. Deretter vaksen.

Nedre aldersgrense for barn: Dersom barnet skal ha eige sete, betaler ein barnebillett.

På nokre framsyningar er det ikkje barnebillett, då gjeld ordinær pris for både barn og vaksne. Kinoar med 15- og 18-års sensur har sjølvsagt ikkje barnebillett. 

 

Rabattar:

På nokre arrangement er det berre ordinær billett, andre har også barnebillett, medan det også finst arrangement med rabattar for honnør, student, medlem i ulike organisasjonar osv. Informasjon om dette står i omtalen av arrangementet og når ein kjøper billett på nettet. Riksteatret er blant dei som har fleire ulike rabattar.

 

Kredittsal:

Større grupper, bedrifter osv kan få tilsendt faktura på billettane. Fakturaen må vere betalt før billettane vert sende eller kan hentast. Kontakt post@operahuset.no for å gjere avtale.

 

Billettavgifter:

Inkludert i pris per selde billett: Seteavgift 20 kr til Operahuset Nordfjord. Billettavgift 5 kr.