Familiemusikal 23. - 25. november

Annie

Fredag 23. november kl 18.00
Laurdag 24. november kl 18.00
Søndag 25. november kl 14.00

Opplev den rørande historia om sjarmtrollet Annie! Den amerikanske familiemusikalen hadde premiere på Broadway i 1977, og har sidan rørt og begeistra hundretusenvis av publikummarar både på film og teaterscener over heile verda. 

 

No skal Opera Nordfjord gje oss denne opplevinga! Rollelista blir klar i løpet av mai, etter hektiske veker med prøvesong til alle rollene. Ikkje berre treng operaen ein skokk med unge jenter i alle aldrar, musikalen har òg ei lang rolleliste med vaksne karakterar som skal fyllast med dyktige amatørar frå regionen.

 

Regissør og musikalsk leiar vert Michael Pavelich, medan ballettpedagog Candice Bredesen skal ha ansvaret for koreografi og innøving av alle dansenummera. Solistane kjem frå heile Nordfjord og Søre Sunnmøre. I tillegg til alle namngjevne roller for born, ungdom og vaksne, treng ein også eit blandakor, og det er framleis plass til fleire menn.

 

Musikalen vert omsett til nynorsk, så for aller første gong kjem Annie frå nynorskland!


Den folkekjære musikalen er perfekt for heile familien, frå dei aller yngste til oldemor og oldefar.  

 

Velkomen til Opera Nordfjord si Facebookside!   

Framsyninga varer i om lag 2,5 timar inkl. pause.  

 

Billettprisar (inkl avg): 
Ordinær 390 kr
Barn, ungdom og student 250 kr

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no


DATO TID PRIS SAL SENSUR BILLETT
fr 23 nov kl.18:00 390/250 Operasalen Kjp
lø 24 nov kl.18:00 390/250 Operasalen Kjp
sø 25 nov kl.14:00 390/250 Operasalen Kjp