Ole Edvard, Didrik og Stine 30. nov

Desemberstemningar med Ole Edvard, Didrik og Stine

Torsdag 30. november kl 19.00

Endeleg kjem Ole Edvard Antonsen til Operahuset Nordfjord! Med seg har han Didrik Solli-Tangen, Stine Hole Ulla og band. Førjulsturneen "Desemberstemninger" blir av mange kalla den ultimate julekonserten. 

 

Ole Edvard Antonsen treng vel neppe nokon næraere presentasjon- Som ein av dei fremste trompetsolistane i verda og ein av Norge sine absolutt største internasjonale stjerner, opptrer han jamleg som solist på dei store musikkscenene rundt omkring i verda, som Carnegie Hall i New York, Musikverein Wien, Tokyo, Sydney Operahouse pg Philharmonie i Berlin i tillegg til store arenaer som Olympiahalle München, Seoul Olympic Stadium og så vidare. 

 

Didrik Solli-Tangen er utdanna klassisk songar frå Barratt Due's Musikkinstitutt med beste moglege karakter. Hausten 2009 song han på fjernsyn akkompagnert av venen Alexander Rybak. Sidan har det blitt mange konsertar rundt om i landet, i 2010 representerte han Norge i Melodi Grand Prix, og han har vore TV-programleiar. 

 

Didrik og Ole Edvard er to leikne herrar, noko som har resultert i eit briljant musikalsk samarbeid og ein rekke artige overraskingar på julekonsertane. 

 

Stine Hole Ulla trollbatt det norske fjernsynspublikummet med si utruleg vakre stemme som vinnar av Norske talenter i 2012. Songaren frå Sykkylven har vore med i talentutviklingsprogrammet til Musikkonservatoriet NTNU i Trondheim samt ved Barratt Due's Musikkinstitutt i Oslo. Ho har spelt inn juleplate med Kringkastingsorkesteret, song som første norske artist saman med Kygo og deltok i den norske Melodi Grand Prix-finalen i 2016.

 

Felles for alle tre er at dei er allsidige og godt skulerte i den klassiske verda.

 

Når Ole Edvards trompet og dei klokkeklare stemmene til Didrik og Stine kling ut i lokalet, då er julestemninga eit faktum. Velkomne til Desemberstemningar!

 

Konserten varer i om lag 1 t 20 min (ikkje pause). 

Billettpris 440 kr inkl. avg. 

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.
Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.

 


DATO TID PRIS SAL SENSUR BILLETT
to 30 nov kl.19:00 440 Operasalen Kjp