Folk og røvarar i Kardemomme by

Folk og røvarar i Kardemomme by

Onsdag 14. februar kl 18.00

Det blir fest i Kardemomme by. Og du er invitert! I Kardemomme by bur gamle Tobias, pølsemakaren, trikkeførar Syversen og barberar Sørensen. Tommy og tante Sofie og vesle Kamomilla. Og politimester Bastian som aldri har lyst til å arrestere nokon. Rett utanfor byen bur det tre røvarar som heiter Kasper, Jesper og Jonatan. Dei har også lyst til å vere med.

 

Har du huska å vaske øyrene dine? Då kan du trygt ta med deg barna på Riksteatret si oppsetting av "Folk og røvarar i Kardemomme by" - ei teaterframsyning full av energi, humor, dans og masse musikk. Du vil møte ei frekk papegøye, ein snakkande kamel og ei løve som er glad i melkesjokolade. Bli med inn i Egner si verd og opplev den magiske teaterstemninga i operahuset. Røvarane gler seg til å helse på barna som kjem på besøk.

 

Med Kim Haugen i registolen og eit ensemble fylt av unge, nye talent ønskjer vi å innlemme ein ny generasjon i vår felles kulturarv. Ja, vi elsker Thorbjørn Egner!

 

På scena: Mikkel Niva, Mats Holm, Carina Furseth, Tor Ivar Hagen, Jan Huse, Siren Jørgensen, John Sigurd Kristensen, Morten Røhrt, Jonas Rønning, Jon Rørmark, Erik Aleksander Schjerven, Lars Helge Throndsen, Linda Tørklep og Olli Wermskog.

Team: Regissør Kim Haugen. Scenograf Siri Langdalen

Riksteatret i samarbeid med Hålogaland Teater

 

Framsyninga varer i to timar (inkludert pause).

 

Billettprisar:

Ordinær 250 kr (barn, vaksen, pensjonist, student)

Familiepris (grupperabatt for 4 eller fleire) 205 kr

Samarbeidspartnarar 205 kr. Må oppgje kode frå Bokklubben, Utdanningsforbundet, Sjukepleiarforbundet, ARK, Teatrets Venner, DNB-tilsette. 

Coop-medlem 200 kr (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp)

BOB-medlemmer 205 kr (maks 4 bill)

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no


DATO TID PRIS SAL SENSUR BILLETT
on 14 feb kl.18:00 250 Operasalen Kjøp