Fugletribunalet 7. september

Fugletribunalet

Torsdag 7. september kl 19.00

I Fugletribunalet treff vi Allis. Hendingar i livet hennar har gjort henne sky og sjølvstraffande. Ho er på flukt frå sitt eige liv. I ein avsides vestlandsfjord finn ho eit nytt tilvære med den mystiske Sigurd Bagge. Akkurat som ho, ber Bagge også på ei hending han sonar. Som Bagge sin hushjelp, deler ho hans heim og eit taust felleskap. Etterkvart som tida går, vert to ting meir og meir påtrengande. Det eine er at Bagge skjuler ein stor løyndom. Det andre er at dragninga mot han setter djupare og djupare spor i henne. Fugletribunalet er ei thrillerprega og lada forteljing om skuld og utfriing.


Etter ein sterk debut med "Veke 53", sette forfattar Agnes Ravatn seg tydeleg på kartet som ei ny stemme i den vestnorske litteraturen. I sine tekstar går ho tett inn på dei menneskelege vegskilja, og korleis samspel med andre også er sterkt betinga av eige sjølvbilete og livssituasjon. Ho evner å etablere eit blikk som både går ut i samfunn og relasjonar, men samstundes er sterkt forankra i hovudpersonen sin sjølvrefleksjon. Her treff ho noko grunnleggande menneskeleg – og kanskje er det noko av forklaringa på Ravatn si store popularitet. Mange kan kjenne seg igjen i karakterane hennar.

 

Sogn og Fjordane Teater

 

MEDVERKANDE Anne E. Kokkinn | Anne Guri Tvedt | Atle Hoff | Kyrre Eikås Ottersen | Stephanie Mowinckel
AV Agnes Ravatn DRAMATISERT AV Ingrid Weme Nilsen REGI Trond Lie SCENOGRAFI/KOSTYME Kari Gravklev LYSDESIGN Krystian Myska Teaterforlaget Songbird AS www.songbirdteater.com 

 

Framsyninga varer i om lag 1,5 time. 

 

Billettprisar inkl avg: 

Vaksen 320 kr
Honnør 270 kr
Ungdom/student 220 kr
Teaterlauget 250 kr
BOB-medlem 270 kr

Barn under 15 år 170 kr
Gruppe min. 5 pers 270 kr

Gruppe min. 15 pers 220 kr

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement. Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

Scenekort, pensjonistlag, Teaterlauget Spesial og grupper på min. 18 pers: Kontakt Sogn og Fjordane Teater

 


DATO TID PRIS SAL SENSUR BILLETT
to 07 sep kl.19:00 320 Operasalen Kjp