Gjengangere 29. oktober

Gjengangere

Søndag 29. oktober kl 18.00

Er det mogleg å fri seg frå fortida? Vi har alle så mykje vi gjerne skulle gjort annleis enn vi gjorde. Ein urett vi utøvde. Ein sjanse vi ikkje tok. Eit val vi ikkje våga. Om det berre kunne gjerast om! Men det er for seint. Skaden er skjedd. Vi veit det.

Vi prøver å gløyme det. Men var det alvorleg nok, vil det før eller seinare heimsøkje oss. På same måte er det med familien vi kjem frå. Den bestemmer kven vi blir. Uansett kor mykje vi forsøker å fri oss frå kva generasjonar har gjort før oss. Det er dette det handler om i "Gjengangere" – Ibsen sitt kanskje aller skarpaste og samtidig mest gripande skodespel.

 

Fru Alving har sendt Osvald bort som barn. Ho ville ikkje at sonen skulle vakse opp i same hus som sin utsvevande far. Men når Osvald kjem heim etter farens død, blir det ikkje det frydefulle gjensynet fru Alving har sett fram til. Sonen er uhelbredeleg sjuk, og han lastar seg sjølv og det glade kunstnarlivet han har levd i Paris. Men fru Alving – som aldri har fortalt nokon sanninga om mannen sin – innser desperat at årsaka er ei anna. Det er fortida som innhentar henne – og med den skamma over alt ho har halde skjult og over sviket mot kjærleiken til mannen ho eigentleg elska, pastor Manders.

 

Fru Alving er den mest samansette og engasjerande av alle kvinneskikkelsane til Ibsen. Ho er også i nær slekt med Nora i "Et dukkehjem", som blei skrive to år tidlegare. Men der Nora bryt opp og forlet både mann og barn, gjer fru Alving det motsette: ho blir. Og gradvis blir ho stadig fastare låst fast til det livet ho har levd. Og prisen for det blir høg.

 

På scena: Per Egil Aske, Gunnar Eiriksson, Madalena Sousa Helly-Hansen, Gjertrud Louise Jynge og Lasse Lindtner .

Team: Regissør: Bentein Baardson. Scenograf: Bård Lie Thorbjørnsen

 

Framsyninga varer i 2 timar 20 min (inkludert pause).

 

Billettprisar (inkl. avg.):

Ordinær 400 kr

Student/barn 320 kr

Honnør 320 kr

Samarbeidspartnarar 320 kr. (Inntil 4 billettar. Må oppgje kode frå Bokklubben, Utdanningsforbundet, Sjukepleiarforbundet, ARK, Teatervenner Norge, DNB-tilsette.)

Coop-medlem 300 kr (Inntil 4 billettar per medlem. Må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp)

BOB-medlemmer 320 kr (maks 4 bill)

Gruppe 10+ 320 kr 

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no


DATO TID PRIS SAL SENSUR BILLETT
sø 29 okt kl.18:00 400/320 Operasalen Kjp