Henning Kvitnes 19. oktober

Henning Kvitnes & Gutta i bandet

Fredag 19. oktober kl 19.00 

På seinsommaren 2018 kjem Henning Kvitnes med eit nytt album; ”60 rundar rundt sola” - og feirar samtidig 40 år på vegen med ein haustturné med ”Gutta i bandet”. 

 

Turneen blir inga mimring i gamal grut, men ei blanding av nye songar, dei mest kjende, og nokre gløymde eller gøøymde perler frå hans svært store samling av songar på norsk. Det var eigentleg ikkje meininga å gje ut fleire album, men songar pressa seg på og ville ut i verda – og eit trufast publikum fortener noko nytt! 

Poetisk, melodiøst, rocka, humoristisk og personleg er stikkord, frå ein jordnær songpoet heilt frå søraust i landet, som dei siste åra har hatt ein eventyrleg publikumsoppslutnad.

 

På scena: Gutta i bandet
Henning Kvitnes: Song og gitar
Freddy Holm: Div. strengeinstrument, -kor
Eivind Ystrøm Petersen: Gitar og kor
Jon-Willy Rydningen: Div. tangentar
Tor Hauge: Trommer og perkusjon
Rino Johannessen: Bass og kor
 

Henning Kvitnes | Fjordane Musikkforum 

 

Konserten byrjar kl 19.00 og varer i om lag 1,5 time (ikkje pause). 

 

Billettpris 495 kr inkl. avg. 

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.
Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.


DATO TID PRIS SAL SENSUR BILLETT
fr 19 okt kl.19:00 495 Operasalen Kjp