Image in my music 20. oktober

Image in my music

Fredag 20. oktober kl 19.00

Eit multimedia-konsertshow med Ragin Wenk-Wolff (fiolin) og Tor Espen Aspaas (piano)

 

"Inside my head the music has colors, shapes, textures, and many more images; imagine, now you can see it too ..."

“Inni mitt hode har musikken farger, former, teksturer og andre bilder. Tenk, nå kan du bli med inn og oppleve det selv også”
Høyrest sprøtt ut? Neida, det er ei reise inn i den indre verda til ein musikar. Har du ikkje nokon gong lurt på korleis det ser ut inni hovudet til musikaren som står der på scena mens lyden strøymer ut?

 

Ragin Wenk-Wolff tek publikum nettopp med på ei reise inn i si indre verd: Image in my Music. Vi får oppleve kva ho ser i sitt indre når ho spelar på sin Stradivarius frå 1689; hennar multidimensjonale oppleving av musikken, som inkluderer fargar, former, bilete, teksturar, lys, mørke, tjukt, tynt, høgt, lavt, nært, fjernt, gjennomsiktig, solid, skiftande atmosfære, tema eller rett og slett kva musikken handler om. Vi får samtidig oppleve musikken med seks ulike kostyme, som harmonerer i Ragins indre rike med fargane og atmosfæren til kvart nummer i programmet.

 

Det multimediale konsertshowet kombinerer Ragins eigen biletkunst med foto- og filmkunst av Kai-Wilhelm Nessler. Arrangementet er produsert av designer Joachim Schamberger.

 

Ragin Wenk-Wolff frå Lindesnes flytta nyleg tilbake til Norge etter mange år i New York. Ho har bak seg alt frå hyppige radio- og TV-framsyningar, uroppføringar og CD-innspelingar av fiolinkonsertar komponert for og tilegna henne, til utstillingar av eigen kunst kombinert med konsertar på stader så ulike som Paris og Lyngdal. 

 

Tor Espen Aspaas er ein av våre fremste pianistar; professor ved Norges musikkhøgskole, ein allsidig musikkformidlar og grunnleggar av kammermusikkfestivalen Vinterfestspill på Røros. Han har vore solist med talrike symfoniorkester i inn- og utland og motteke ei rekkje utmerkingar, som Ridder 1. klasse av St. Olavs Orden i 2016. Aspaas er fascinert av humor i musikk og improviserte parafrasar, noko som merkast i denne framsyninga.

 

Idé / konsept, produsent, biletkunst, kostyme: Ragin Wenk-Wolff

Virtual theater design, produsent: Joachim Schamberger
Fotograf: Kai-Wilhelm Nessle
Saum: Irene Nilsen

www.raginww.com

  

Arrangementet byrjar kl 19.00 og varer i om lag 1 time. 

 

Billettpris: 300 kr inkl. avg.

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.
Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.

 


DATO TID PRIS SAL SENSUR BILLETT
fr 20 okt kl.19:00 300 Operasalen Kjp