Ingebjørg Bratland 6. april

Ingebjørg Bratland

Fredag 6. april kl 19.00 

Ingebjørg Bratland er godt forankra blant nye og tradisjonelle musikkforbrukarar. 25 millionar strøymingar og 40.000 selde CD-plater av «Månesinn» seier sitt. 70 utselde konsertar på førre turné talar òg for seg sjølv.

 

Artisten frå Vinje gav i oktober ut sitt fjerde album, «Hjarteskjell», til strålande kritikkar. "Musikknyheter" gav topp karakter og skreiv: «Hjarteskjell er et sterkt album og et høydepunkt i plateåret 2017. Herlig musikk som bringer lune toner til høstmørket».

 

Ingebjørg Bratland gler seg til å legge ut på ein omfattande turné etter nyttår. "No skal eg snart ut på vegen att! Kjenner det kriblar bra etter ei lang pause. Noko av beste med å gje ut ny musikk er å reise på turné. Og ikkje minst at eg no har endå fleire songar å velje i! Gler meg til å pakke kofferten for å fylle alle dei flotte konsertsalane rundt om med både nye og songar de har høyrd før! Håpar de vil dele kvelden med meg", seier ho.

 

For det er ingen livedebutant som reiser ut på vegen. Bratland har evna å bergta sjølvaste kongen, publikum elles og anmeldarar med si klare, sterke stemme, ekte framføring og fengande låtar.


Konserten i Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid er den einaste konserten Ingebjørg Bratland held i Sogn og Fjordane på den omfattande turneen.

 

ingebjorgbratland.no

 

Konserten byrjar kl 19.00 og varer i om lag 1,5 time (ikkje pause). 

 

Billettpris 425 kr inkl. avg. 

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.
Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.


DATO TID PRIS SAL SENSUR BILLETT
fr 06 apr kl.19:00 425 Operasalen Kjøp