Jukebox 19. april

Jukebox - ein ønskekonsert med Tor Endresen, Rune Larsen og Katrine Moholt

Torsdag 19. april kl 18.30
I snart 30 år har Rune Larsen og Tor Endresen vore nærast definisjonen på musikkglede, allsong og gode poplåtar frå dei siste seks tiåra. Dei starta opp i 1989 med Lollipop, ein av dei største TV-suksessane gjennom tidene. Hundretusenvis sat klistra framfor skjermane kvar helg og song med når Larsen og Endresen drog den eine pop-perla etter den andre opp frå skattekista. Topp band, populære gjesteartistar, brylkrem, strålande framføringar av kjende og kjære låtar - og ikkje minst - Larsen sine paljettstrødde dressjakker, var oppskrifta på suksess på både TV og etter kvart plater og turnear. Etter Lollipop følgde nye fjernsynsrogram som Scala og Casablanca, begge med suksessduoen Larsen og Endresen i førarsetet. Rune Larsen heldt også etter dette fram med populære musikkprogram som Larsen Spesial, Noteknekk og Absolutt Norsk. 

 

Sidan starten har Rune og Tor heile tida halde på sitt musikalske samarbeid, både på scena og fjernsyn, og dei siste åra har dei årleg fylt konsertsalar rundt om i landet med sine show. 2018 blir ikkje mindre hendingsrikt, tvert imot! Året startar med at vi får møte Tor Endresen i storform på TV2 i "Hver gang vi møtes". Deretter tar han med seg Larsen på turné.

 

Og ikkje nok med det! Med seg denne gong har dei fått med seg sjølvaste Katrine Moholt - heile Norge si allsongdronning! I over ti år har Katrine leia allsongen på Fredriksten Festning i Halden - eitt av dei aller mest populære sommarprogramma på TV2. Der har vi fått oppleve stjerner frå inn- og utland framføre sine aller mest kjende og kjære hits. Endeleg kjem anledninga til å møte Katrine på ei scene nær deg!

 

Med konserten Jukebox, der dei har med seg eit eineståande band, og Katrine Moholt som eminent gjest, inviterer Rune og Tor publikum til å vere med på å velgje ut deler av setlista. Dei har plukka ut sine favorittlåtar frå dei glade 1950-, 60-, og 70-åra. Det einaste som gjenstår no er at publikum stemmer på sine favorittar. Klikk her for å stemme!

 

Velkomen på konsert!

 

Konserten varer i om lag 1,5 time (ikkje pause). 

 

Billettprisar inkl avg:

Ordinær 495 kr

Gruppe minst 10 stk: 445 kr per pers 

 

NB! Galleriet (rad 12-18) har tilkomst via trapp, utan heis. 

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement. 
Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.

 


DATO TID PRIS SAL SENSUR BILLETT
to 19 apr kl.18:30 495 Operasalen Kjøp