Kari Bremnes 10. november

Kari Bremnes

Fredag 10. november kl 19.00
Kari Bremnes er ein av våre aller fremste låtskrivarar og songarar, og ho er ein formidabel liveartist. Hennar evne til nå ut til folk over heile landet er ekstaordinær, og Kari knyter sterke band til sitt stadig større publikum.

 

Til hausten er ho klar med nytt album og sin mest omfattende turné nokonsinne. "Konsertane er det mest spennande eg gjer. Og vi snakkar høgspenning. Det er der vi møtest med alt vi har, sal og scene. Eg har alltid hatt stor respekt for publikum, men dei første åra var eg reddare. Etter kvart har vi utvikla noko som liknar eit venskap, publikum og eg. Det er ei absolutt forvandling", seier Kari Bremnes.


Kari har skrive songar halve livet, vore artist endå lenger og gjennom åra har ho utvikla nærast ein eigen sjanger. Kjerna i den er nærleiken til folk og historiene rundt liva vi lever. Om å miste, om å finne. Om dei store tinga, og om trivialitetane.

 

Nordfjordeid er einaste spelestad i Sogn og Fjordane på turneen som startar i Harstad 23. september og vert avslutta i Oslo 18. november. 

 

Konserten varer i 1,5 time. 

 

Billettpris 425 kr inkl. avg. 


DATO TID PRIS SAL SENSUR BILLETT
fr 10 nov kl.19:00 425 Operasalen Kjp