La Bohme 3. - 13. oktober

La Bohme, Opera Nordfjord

3. - 13. oktober

I 2000 vart vakre La Bohème av Giacomo Puccini sett opp i Aulaen på Fjordane Folkehøgskule på Nordfjordeid til stor jubel frå eit begeistra publikum. No er endeleg tida komen for eit kjært gjensyn med dei sjarmerande bohemane i ein av verdas mest spelte og høgt elska operaer, denne gongen i Operahuset Nordfjord. Vi er svært stolte over å kunne presentere operaen i ei funklande ny, nynorsk omsetting av Jostein Avdem Fretland.


La Bohème er ein italiensk opera i fire akter og vart oppført første gong 1. februar 1896 på Teatro Regio i Torino i Italia under leiing av Arturo Toscanini. Librettoen vart skiven av Giuseppe Giacosa og Luigi Illica etter ein roman av Henri Murger: La Vie de Bohème.


Handlinga utspelar seg i kunstnarkretser i Paris, og dei berande rollene er poeten Rodolfo (tenor), syerska Mimi (sopran), målaren Marcello (baryton), musikaren Schaunard (baryton), filosofen Colline (bass) og den tidlegere songeren Musetta (sopran).


Det er ei stor glede å presentere solistlaget for jubileumsproduksjonen 2018: Mimi: Margrethe Fredheim, Rodolfo: Thorbjørn Gulbrandsøy, Marcello: Mads Wighus, Musetta: Gunda-Marie Bruce, Schaunard: Thomas Røshol, Colline: Martin Hatlo, Alcindoro/Benoît: Lars Eggen.


Dirigent er Opera Nordfjord sin faste musikalske leiar, Michael Pavelich, og regissør vert svenske Mira Bartov, som gjestar Opera Nordfjord for første gong. Ho har ei lang merittliste å vise til, og vi gler oss til å samarbeide med henne. Det øvrige kunstnariske teamet vert klart om kort tid. I tillegg har vi med vårt profesjonelle operaorkester og hyggeleg gjensyn med konsertmeister Stig Nilsson. Operakoret og barnekoret vert i desse dagar sett saman av lokale songarar frå heile regionen – det er framleis plass til fleire, så ta gjerne kontakt, om du eller nokon du kjenner ønskjer å synge i operakoret vårt.


Velkomen til Facebooksida vår, Opera Nordfjord, der du finn fortløpande informasjon, bilete, videoar og nyhende – gå inn og lik den, så kjem informasjonen lettare til deg!
  

Framsyninga varer i om lag 3 timar inkl. pause. Intro i kinosalen ca 30 min. før kvar framsyning. 

 

Billettprisar (inkl avg): 
Ordinær 495 kr
Barn, ungdom og student 240 kr
Operaens venner 445 kr (maks 1 billett per medlem, bruk utsendt kode) 
Det er ikkje grupperabatt eller honnørbillett.

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no


DATO TID PRIS SAL SENSUR BILLETT
on 03 okt kl.18:30 495/240 Operasalen Kjp
to 04 okt kl.18:30 495/240 Operasalen Kjp
lø 06 okt kl.17:00 495/240 Operasalen Kjp
sø 07 okt kl.14:00 495/240 Operasalen Kjp
ti 09 okt kl.18:30 495/240 Operasalen Kjp
on 10 okt kl.18:30 495/240 Operasalen Kjp
fr 12 okt kl.18:30 495/240 Operasalen Kjp
lø 13 okt kl.17:00 495/240 Operasalen Kjp