Sven Nordin søndag 18. februar

En mann ved navn Ove

Søndag 18. februar kl 18.00
Sven Nordin i ei teaterframsyning om kjærleik, skikkelege verktøy og kor viktig det er å køyre Saab.

 

"Eg gler meg til ny turné med Riksteatret. Ikkje berre fordi mange har lest boka og sett filmen og diggar historia om Ove. Dei fleste har jo møtt ein liknande fyr i sitt eige liv, og eg trur at dei fleste vil oppleve at Ove kan lære oss noko viktig om oss sjølv", seier kritikarroste Sven Nordin, som også blei nominert til Heddapris for si tolking av "En mann ved navn Ove".

 

Ove er 59 år og køyrer Saab. Han er sur og tverr og alle naboars skrekk. Kvar morgon går han på ein inspeksjonsrunde i burettslaget for å sjå at alt er på stell. Det trass i at han for lengst er avsett som styreleiar – ei hending han sjølv omtalar som statskuppet. Ove sparer på straumen og prutar i butikken, og har alltid eit uvenleg ord til dei fleste. Vi kjenner alle ein mann som han. Men under overflata på denne innbitte, steile mannen finst ein annan Ove. Ein einsam mann som sørger over tapet av kona si. 

 

"Reisa frå gretten gubbe til eit samansett og sårbart medmenneske, er vakker", seier Sven Nordin. Regien er ved Bjarni Thorsson, som tidlegare har hatt suksess med Nordin med framsyningane Hulemannen og Pappaen. Thorsson er ikkje i tvil: Sven Nordin er som skapt for rolla som Ove.

 

Anmeldarane meiner: 

"Glimrende (…) "feelgood" i ordets beste forstand" VG (5)

"Sven Nordin har autoritet, personlighet, humor og suveren timing" Aftenposten (5)

"Hel ved" Dagbladet (5)

"Gøyal gammel grinebiter (…) Sven Nordin briljerer" Dagsavisen (5)

"Stor skuespiller og stor komediant" NRK

"En vittig og sjarmerende forestilling (…) Sven Nordin gir en glitrende tolkning, ikke bare av Ove, men også av alle de andre beboerne i borettslaget" Klassekampen

 

På scena: Sven Nordin. Team: Regissør, lysdesigner: Bjarni Thorsson. Kostymedesigner, scenograf: Finnur Arnar Arnarson. Lysdesigner: Magnus Sigurdson. Musikk: Frank Hall. Produsent: Anita Basmo Bjørnstad. Produsert av Bjarni Thorsson og Oslo Nye Teater. 

 

Framsyninga varer i 1 t 20 min (ikkje pause)

 

Billettprisar (inkl. avg.):

Ordinær 450 kr

Student/barn 365 kr

Honnør 365 kr

Samarbeidspartnarar 365 kr. (Inntil 4 billettar. Må oppgje kode frå Bokklubben, Utdanningsforbundet, Sjukepleiarforbundet, ARK, Teatervenner Norge, DNB-tilsette.)

Coop-medlem 350 kr (Inntil 4 billettar per medlem. Må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp)

BOB-medlemmer 365 kr (maks 4 bill)

Gruppe minst 10 billettar 365 kr 

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no 


DATO TID PRIS SAL SENSUR BILLETT
sø 18 feb kl.18:00 450 Operasalen Kjøp