Privattimen onsdag 5. april

Privattimen onsdag 5. april

Onsdag 5. april kl 19.00

Privattimen er skrive i 1951 av den rumenskfødde dramatikaren Eugène Ionesco. Samuel Becket og Ionesco blir rekna som dei viktigaste representantane for absurdteater. Ionesco kalla sjølv Privattimen for eit komisk drama. Den burleske og humørfylte einaktaren handlar om ein ung, naiv elev og ein besynderleg professor som skal hjelpe eleven til å ta «den universelle doktorgrad» på tre veker!

 

Stykket er skrive som eit angrep på eit undertrykkande skulesystem med totalitær lærarautoritet, spekka med overraskande innfall og overdriven, grotesk humor. Ionesco set fokus på det meiningslause ved konvensjonane våre, – kva oppdreg vi unge menneske til? Kva slags banal kunnskap er det vi tvingar på dei? Kva slags nytte vil dei ha av det håplause tankegodset og dei ubrukelege ferdigheitene vi indoktrinerer dei med? Kva brukar vi språket til, - å dominere eller frigjere?

 

Privattimen er eit angrep på makt, maktbruk og maktmisbruk. Eleven blir nesten hypnotisert til å uttale meiningslause banalitetar og tomme læresetningar. Det er eit intenst og tankevekkande stykke som stiller spørsmål ved meiningsløysa ved dei tillærte og undertrykkande verdiane våre. Men først og fremst blir alt fortalt i ein frekk, antikonvensjonell og frigjerande form for absurd humor. Både lærarar og elevar vil kjenne seg att!

 

Sogn og Fjordane Teater

 

AV Eugene Ionesco OMSETJING Svein Selvig REGI Bentein Baardson LYSDESIGN Krystian Myska

 

MEDVERKANDE Kjersti Fjeldstad, Kyrre Eikås Ottersen, Reidun Melvær Berge

 

Framsyninga blir spelt i blackbox på scena, unummererte billettar. Framsyninga varer i om lag 1,5 time (ikkje pause). 

 

Billettprisar inkl avg: 

Vaksen 300 kr
Honnør 250 kr
Student 200 kr
Teaterlauget 250 kr
BOB-medlem 250 kr
Gruppe 5+ 250 kr


DATO TID PRIS SAL SENSUR BILLETT
on 05 apr kl.19:00 300 Operasalen Kjp