Pulverheksa og venene hennar

Pulverheksa og venene hennar

Onsdag 30. august 2017 kl 18.00

Velkomen til ei heilt ny framsyning med Maj Britt Andersen og alle vi kjenner fra Pulverskogen! 


Alle gler seg til det store ballet hos Drømmeprinsen. Men ... alt er ikkje som det pleier å vere i Pulverskogen. Tyven er blitt sint på Politimannen og vil ikkje vere tjuv lenger. Og Politimannen er sur på Tyven fordi han blir arbeidsledig når ikkje Tyven vil vere tjuv. Ingen av dei vil kome på ball hvis den andre kjem. Og Krokodillen gruar seg til vinteren, så han lurer på om han skal flytte til Afrika.

 

Alt dette gjer Drømmeprinsen så trist at han ikkje vil vere draumeprins meir. Dessutan er det ein diger, skummel skikkelse som bevegar seg mellom trea og set store fotspor overalt, og gjer alle redde. Kva er det som skjer i Pulverskogen? Blir det ikkje fest? Alt var jo så bra i verdas finaste Pulverskog. Kanskje Pulverheksa kan hjelpe?

 

Velkomen til ei varm og fargerik framsyning. Nok ein gong er det den barnekjære Spellemannpris-vinnaren Maj Britt Andersen som spelar Pulverheksa - noko anna ville truleg ført til opprør rundt om i landets kulturhus! Og eitt er sikkert: ingen stader er Pulverheksa meir spill levande enn i teatret! Ein spesiell velkomst til alle små og store troll som skal på teater for aller første gong.

 

Pulverheksa og venene hennar passar for barn frå 3 år.

 

På scena: Maj Britt Andersen, Janne Starup Bønes, Jørn Morstad og Haakon Strøm.

Team: Regissør: Ivar Tindberg. Komponist: Geir Holmsen. Scenograf: Christine Lohre. Dukkedesigner: Grete Larssen.

 

Framsyninga varer i om lag 45 min (ingen pause)

 

Billettprisar:

Ordinær 220 kr (barn, vaksen, pensjonist, student)

Familiepris (grupperabatt for 4 eller fleire) 180 kr

Samarbeidspartnarar 180 kr. Må oppgje kode frå Bokklubben, Utdanningsforbundet, Sjukepleiarforbundet, ARK, Teatrets Venner, DNB-tilsette. 

Coop-medlem 170 kr (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp)

BOB-medlemmer 180 kr (maks 4 bill)

Bedriftsrabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt post@operahuset.no 

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.


DATO TID PRIS SAL SENSUR BILLETT
on 30 aug kl.18:00 220 Operasalen Kjp