SCORE spelmusikk-konsert 3. mars

SCORE spelmusikk-konsert

 

Dersom du er mellom 18 og 40 år, er spelmusikk eit kjend omgrep. Kanskje du vaks opp på 80- og 90-talet med ikoniske Mario, Zelda, Sonic og Megaman som  ekstra bestevenner, eller på 2000- og 2010-talet og framleis er aktiv spelar og elskar fantasyspel som World of Warcraft, Skyrim og Halo? Då har du mest sannsynleg eit ganske lidenskapeleg forhold til spelmusikken til dine favorittspel. Om du er ein tradisjonell operapublikummar som elskar klassisk musikk og opera, er spelmusikk mest sannsynleg ukjend og framand og «ikkje noko for deg». Trur du. Likar du filmmusikk? Då vil du garantert like spelmusikken til SCORE!

 

Helga 2. -4- mars 2018 skal Opera Nordfjord på konsertturné til Sogndal, Nordfjordeid og Ålesund med spelmusikkonseptet SCORE frå Sverige, og då inviterer vi ALLE som elskar god, symfonisk, akustisk musikk på ei oppleving du seint vil gløyme. Spelentusiast, rockar og konferansier Orvar Säfström og sopransolist Sabina Zweiacker skal saman med operaorkesteret, eit samansett kor og dirigent Michael Pavelich presentere eit variert og spennande konsertprogram med utdrag frå spela Final Fantasy, Assassin’s Creed, Battlefield, The Last of Us, Bloodborne og Journey med fleire.

 

Vi vonar på stor oppslutnad frå publikum i alle aldrar, og om du er forelder eller besteforelder, er det beste bursdags- eller julegåvetipset til vaksne eller halvvaksne barn eller barnebarn billettar til ein av våre tre konsertar. Og du skal sjølvsagt gå saman med dei!

 

Sopransolist Sabina Zweiacker

 

Spelentusiast, rockar og konferansier Orvar Säfström

 

Om du har spelt dataspel tidlegare, er sjansene store for at du i konsertsalen kjenner gåsehuda reise seg i det musikken fraktar deg tilbake til unike, fantastiske opplevingar. Til då du galopperte til hest gjennom grasslettene med bogen på ryggen og det magiske sverdet i handa, eller styrte i eit romskip mellom stjernene til ukjende galaksar på søken etter dei store svara. Til då du etter utallege forsøk endeleg klarte å sigre over den siste bossen, og mot enorme odds klarte redda verda frå den sikre undergang og det gruelege herredømet. Eksempla er mange og spel er eit eventyr med spelaren i hovudrolla, der musikken er sjølve lydsporet til di unike historie. La SCORE ta deg tilbake til ugløymelege augeblikk!

 

Dataspel er dei unge sin scenekunst – mange har vakre kostyme, scenografi, magisk lyssetting, episk musikk, heltar og heltinner, skurkar og gode hjelparar og skildrar kampen mellom det gode og det onde, akkurat som i opera! Velkomen til ein VAKKER, mektig, stemningsfull, rørande, lidenskapeleg og annleis konsert som garantert vil engasjere og glede vårt publikum. Du er sjølvsagt hjarteleg velkomen til å kle deg ut som ein av dine favorittfigurar – eller kom som du er, kleskoden veljer du sjølv!

 

Sjå smakebitar frå konserten på STV2 her: https://www.youtube.com/watch?v=-PkdLMIz-Ys

 


DATO TID PRIS SAL SENSUR BILLETT
lø 03 mar kl.18:00 375/250 Operasalen Kjp