Sildagapet 4. - 15. oktober

Sildagapet, Opera Nordfjord, 4. - 15. oktober

Familieoperaen Sildagapet skildrar det yrande folkelivet i Måløy på midten av 1950-talet, då det eventyrlege sildefisket dobla folketalet i kystbyen. Opera Nordfjord sitt tingingsverk er skrive av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde. Historia er oppdikta, men det er lagt vekt på at dei historiske referansane skal bli så autentiske som mogleg. Dei som huskar Måløy frå etterktigstida vil garantert kjenne seg igjen i mange av scenene. Brykkjete notbasar, Frelsesarmémøte, sjaulsi, kjærleik og Snurpedans i Turnhallen vert nokre av ingrediansane. 

 

Solistlaget er ei fin blanding av songarar med lokal og regional tilknyting og ein «gjestesolist» frå Nord-Norge. Vi får eit hyggeleg gjensyn med sopranen Helga Botn, opprinneleg frå Volda, som sist vitja Opera Nordfjord i tittelrolla i Hertuginna av Chicago i 2008. Tenoren Eivind Kandal kjem frå frå Kandal i Gloppen og vert uteksaminert med mastergrad frå operahøgskolen i København til våren. Han har allereie debutert i La Traviata ved Den Kongelige Opera i den danske hovudstaden. Magne Fremmerlid frå Skodje på Sunnmøre har vore tilsett som fast solist ved nasjonaloperaen i ei årrekkje, Han har var solist med Opera Nordfjord for første gong i Beethovens 9. Symfoni i 2015 og skal vere solist på vårturnéen i mars. Mezzosopran Jeanette Ekornåsvåg Goldstein kjem opprinneleg frå Ålesund, men er busett i Oslo, der ho har base som frilanssongar. Det er første gong ho gjestar distriktsoperaen på Nordfjordeid og har tidlegare m.a. gjort hovudrolla i Carmen med Opera Sør i Kristiansand. Jonas Navarsete frå Sogndal studerer klassisk song ved Norges Musikkhøgskole, men har bakgrunn frå både pop- og musikalsjangeren. Han har si første operarolle i Sildagapet som bonde- og fiskarsonen Guttorm. Nordlendingen Kristian Krokslett frå Salten gjorde rolla som Remendado i Carmen i Operahuset Nordfjord i 2009, no kjem han tilbake som glopparen Ragnar. Det vert nok bråøving av Gloppe-dialekt i heile sommar! Ungjenta Inga vert sunge av Martha Standal Pavelich frå Nordfjordeid. Ho er elev ved Eid vidaregåande skule og har vore med i operakoret i fleire år og hatt soloroller i The Sound of Music og Sweeney Todd.


Det kunstnariske teamet er samansett av regissør Ronald Rørvik, kjend frå fleire produksjonar med Opera Nordfjord, sist med Hoffmanns Eventyr, scenograf og kostymedesignar Åse Hegrenes, lysdesignar Ovar Holmen, maskør Maren Togstad og musikalsk leiar Michael Pavelich.

 

Om kort tid vert det lyst etter amatørsongarar til operakoret både for vaksne og born, då operaen treng både vaksenkor, barnekor og sildegutar. 

Framsyninga varer i om lag 3 timar inkl. pause. 


Billettprisar (inkl avg):
Ordinær 495 kr
Barn, ungdom og student 240 kr
Operaens venner 445 kr (maks 1 billett per medlem, bruk utsendt kode)
Det er ikkje grupperabatt eller honnørbillett.

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no


DATO TID PRIS SAL SENSUR BILLETT
on 04 okt kl.18:30 495/240 Operasalen Kjp
fr 06 okt kl.18:30 495/240 Operasalen Kjp
lø 07 okt kl.17:00 495/240 Operasalen Kjp
sø 08 okt kl.14:00 495/240 Operasalen Kjp
on 11 okt kl.18:30 495/240 Operasalen Kjp
fr 13 okt kl.18:30 495/240 Operasalen Kjp
lø 14 okt kl.17:00 495/240 Operasalen Kjp
sø 15 okt kl.14:00 495/240 Operasalen Kjp