Sølvguttene 2. desember

Julekonsert med Sølvguttene

Laurdag 2. desember kl 19.00

Sølvguttene eit norsk gutekor som blei stifta av Torstein Grythe i 1940. Han dirigerte koret heilt fram til Fredrik Otterstad tok over i 2004. Koret vart opphavleg starta som ei lita gruppe solistar frå Oslo Domkor der Torstein var songar og musikalsk assistent for domorganist Arild Sandvold, men blei etter kvart eit eige kor.


Namnet Sølvguttene kjem av dei sølvfarga kordraktene dei første åra, som Grythe sydde sjølv. I 1968 blei koret slått saman med NRKs guttekor og fikk det noverande namnet «Sølvguttene – NRKs guttekor». Koret er ein institusjon i norsk song- og musikkliv. Sølvguttene har motteke ei rekkje nasjonale og internasjonale utmerkingar, og koret har vunne den britiske korkonkurransen «Let the People Sing».
Koret har ein omfattende og variert nasjonal og internasjonal konsertportefølje. Sølvguttene er for mange blitt ein viktig del av norsk juletradisjon med sine tradisjonelle julekonsertar. Koret har sunge saman med kjende, internasjonale artistar som Kiri Te Kanawa, Andrea Bocelli og Barbara Hendricks. Koret har sjølv fostra nasjonale og internasjonale kunstnarar som mellom andre operasongar Terje Stensvold og cellisten Truls Mørk. Sølvguttene har hatt eit nært samarbeid med Den Norske Opera, Oslo Filharmonien, Nationaltheatret og Rikskonsertane.

Koret er sett saman av totalt om lag 130 songarar, men opptrer sjeldan med fleire enn 60 gutar samtidig. Koret følgjer den tyske gutekortradisjon, der både sopran- og altstemmene vert sunge av gutar, medan tidlegare Sølvgutter syng tenor- og basstemmene. Likevel blir nokre gutar verande i altgruppa lenge etter stemmeskiftet for å trene opp falsettstemma. Koret jobbar for å få fram ein kraftfull og utadvent brystklang, og legg meir vekt på dette enn musikalsk presisjon.

 

www.solvguttene.no 

Konserten byrjar kl 19.00 og varer i om lag 1 t 20 min


Billettprisar: Barn 205 kr, vaksne 325 kr inkl. avg.

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.
Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.


DATO TID PRIS SAL SENSUR BILLETT
lø 02 des kl.19:00 325/205 Operasalen Kjøp