Songarstemne laurdag 26. mai

Songarstemne

26. og 27. mai samlast 300 songarar på songarstemne på Nordfjordeid, med Stårheim songlag som arrangør.

 

I Operahuset Nordfjord blir det laurdag mellom anna kafé i foajeen og konsert kl 14.30 som er gratis og open for alle.

 

Påmelde kor: Farnes Mannskor, Norum Songlag, Leikanger Mannskor, Brekke Mannskor, Årdalskoret, D-kor, Fjordklang, Måløy Songlag, Vyrde Mannskor, Austrheim mannskor, Rygg Songlag, Cantando, Eid Mannskor og Stårheim Songlag.

 

Laurdag 26. mai 

Kl 09.00: Kafeen og stemnekontoret i operahuset opnar

Kl 10.00: Informasjonsmøte for dirigentar og leiarar

Kl 10.30: Oppstilling til songartog

Kl 11.00: Songartog
Rute: Operahuset - Skulevegen til Hogatunet - Stans ved Hogatunet - Fellessong: Fagert er Landet - Rådhusvegen til Almenningen - Eidsgata - Operahuset

Kl 12.00: Opning av songarstemnet
Velkomsthelsing v/ stemneleiar Svein Nesbakk, velkomne til Eid v/ Ordførar Alfred Bjørlo, helsing og opning v/ representant frå NKSF. Fellessong: Fylkessongen.

Frivilling busksynging i sentrum før profankonserten

Kl 14.30: Profankonsert i operasalen

Utdeling av medaljar i starten av konserten

Kl 19.00: Festmiddag, program og dans i Valhall

 

Søndag 27. mai
Kl 11.30: Kyrkjekonsert i Eid kyrkje. Fellessong: Hymne og Fagert er Landet

Etter konserten: Lunsj på Eid kyrkjetun, for dei som har bestilt.

 

Stårheim songlag ønskjer alle hjarteleg velkomne! Klikk her for Facebook-arrangementet om songarstemnet.