Trollmannen frå Oz

Trollmannen frå Oz

Torsdag 22. mars kl 18.00

Bli med til den andre sida - Somewhere Over the Rainbow!

 

Vi har alle høyrt om Dorothy - den vesle jenta som blir virvla opp av ein tornado og feia av garde til trolldomslandet på den andre sida av regnbogen! Undervegs til Smaragdbyen og Trollmannen møter ho tre underlege fyrar: Blikkmann, som så inderleg ønskjer seg eit hjarte, Fugleskremselet, som så gjerne vil ha ei hjerne å tenkje med, og den livredde Løven, som håpar han ein dag skal bli modig, han òg. Men først når de har fått has på Den onde heksa finn dei det dei eigentleg leitarr etter – trua på seg sjølv, og trua på andre. Og då finn Dorothy også vegen heim!

 

Det er mange år sidan sist Riksteatret sette opp ein skikkeleg musikal. No skal vi endeleg gjere det igjen. Og då har vi like godt valt oss ein av dei verkeleg store klassikarane: Trollmannen frå Oz. Det er ingenting som på same måten samlar eit publikum på tvers av generasjonane som musikkteatret.

Som Dorothy får du møte den nye stjerna Mari Lerberg Fossum. Ho har tidlegare gjort suksess både som Sophie i Mamma Mia og Belle i Skjønnheten og udyret. Og regien er ved multitalentet Alan Lucien Øyen, som gjennom dei siste åra har vunne seg eit stadig større namn, også langt utanfor landets grenser. I han har norsk teater fått seg ein ny trollmann, og han lovar oss ei fargerik, frodig og livsglad framsyning, for eit eventyrlyste publikum i alle aldrar!

 

På scena: Mari Lerberg Fossum med flere (vert kunngjort seinare). Team: Regissør Alan Lucien Øyen. Scenograf Leiko Fuseya. Kostymedesigner: Stine Sjøgren. Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen. Produsert av Riksteatret

 

Framsyninga varer i to timar inkl. pause. 

 

Billettprisar:

Ordinær 250 kr (barn, vaksen, pensjonist, student)

Familiepris (grupperabatt for 4 eller fleire) 205 kr

Samarbeidspartnarar 205 kr. Må oppgje kode frå Bokklubben, Utdanningsforbundet, Sjukepleiarforbundet, ARK, Teatrets Venner, DNB-tilsette. 

Coop-medlem 200 kr (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp)

BOB-medlemmer 205 kr (maks 4 bill)

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 


DATO TID PRIS SAL SENSUR BILLETT
to 22 mar kl.18:00 250 Operasalen Kjøp