FAMILIEMUSIKAL 23. - 25. NOVEMBER
FAMILIEMUSIKAL 23. - 25. NOVEMBER

Annie

Fredag 23. november kl 18.00
Laurdag 24. november kl 18.00
Søndag 25. november kl 14.00

Opplev den rørande historia om sjarmtrollet Annie! Den amerikanske familiemusikalen hadde premiere på Broadway i 1977, og har sidan rørt og begeistra hundretusenvis av publikummarar både på film og teaterscener over heile verda. 

 

No skal Opera Nordfjord gje oss denne opplevinga!

 

Etter fleire dagar og to rundar med audition for alle roller, både for born, ungdommar og vaksne, er no solistlaget med dei sju barneheimsjentene endeleg klart. Hovudrolla Annie går til Sol Alme Brendefur frå Hornindal, og med seg har ho Tuva Nyhammer-Taklo som Duffy, Åsa Liv Røgeberg frå Gloppen som Pepper, Ane Fitje Voxen frå Gloppen som Tessie, Elsa Bredesen frå Eid som July, Maja Kvalsvik Haugen frå Gloppen som Kate og Solvei Kayser Husbyn frå Gloppen som vesle Molly.

 

Dei andre 11 barneheimsjentene som er plukka ut kjem frå Hornindal, Gloppen, Bremanger og Eid. I tillegg kjem eit omfattande solistlag av vaksne aktørar som skal fyllast av lokale utøvarar. Desse er ikkje heilt klare, enno, men vil vere på plass om kort tid. Til slutt skal ein sette saman eit kor av vaksne kvinner og menn, ungdommar og born. Her er det framleis plass til fleire menn. 

 

Annie vert den fjerde familieframsyninga til Opera Nordfjord; balletten Nøtteknekkaren, musikalane The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown er tidlegare produksjonar for heile familien.

 

Regissør og musikalsk leiar vert Michael Pavelich, som har med seg koreograf Candice Bredesen, som tek seg av både koreografi og innstudering av alle dansenummera.

 

Musikalen vert omsett til nynorsk, så for aller første gong kjem Annie frå nynorskland!


Den folkekjære musikalen er perfekt for heile familien, frå dei aller yngste til oldemor og oldefar.  

 

Velkomen til Opera Nordfjord si Facebookside!   

Framsyninga varer i om lag 2,5 timar inkl. pause.  

 

Billettprisar (inkl avg): 
Ordinær 390 kr
Barn, ungdom og student 250 kr

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no