Chopin i ord og tonar 9. mai
Chopin i ord og tonar 9. mai

Chopin i ord og tonar

Torsdag 9. mai kl 19.00 

Greg Niemczuk er ein av dei fremste yngre pianistane i Polen. Han er fødd i 1985 og gjekk ut frå musikkakademiet i Katowice med høgaste utmerkelse. No har pianisten heile verda som sitt virkefelt. Han har konsertert i dei fleste europeiske land, samt Amerika, Asia, Afrika og Australia.

 

Pianisten blir rekna som ein av dei fremste Chopin-tolkarane i verda. Han har mellom anna vunne den store Chopin-konkurransen i Warszawa, Carnegie Halls debutantpris og publikumsprisen under Busan Maru International Music Festival i Sør-Korea. Greg Niemczuk har allereie eit stort internasjonalt namn. I si korte karriere har han spelt med fleire av verdas fremste symfoniorkester. Han har spelt konsertar i Norge kvart år sidan 2010. 

 

Konserten i Operahuset Nordfjord har fått tittelen ”Chopin i ord og tonar”. Greg Niemczuk skal på det unike Fazioli-flygelet vårt spele eit program sett saman av dei mest virtuose, dei vakraste og dei mest kjende valsane, masurkaene, nokturnane, etydane og polonesane av Frédéric Chopin. Som Chopin-meister er det alltid ei heilt spesiell glede for Greg å formidle sin landsmanns musikk i utlandet. Det krevjande konsertprogrammet vil til fulle vise Greg Niemczuk sin virtuositet og evne til å formidle særpreget og djupdekjensla i kvart enkelt musikkstykke. 

 

Greg Niemczuk er ikkje berre ein eminent pianist, han er òg eni unik pedagog og kåsør og held årlege meisterklasser ved Universitetet i Kristiansand og Norges Musikkhøgskole. Som alltid når han konserterar, vil han også denne gongen fortelje om musikken han framførar. Dette gjer ein konsert med Greg Niemczuk til ein helt spesiell og gjevande oppleving.

 

Publikum sit på scena under konserten. Konserten varer i 45 minutt x 2 med 15 minutt pause mellom avdelingane. Billettane er unummererte. 

 

Billettprisar inkl. avg: 

Ordinær 260 kr

Barn 160 kr

Student 160 kr

 

Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller i billettskranken på kino eller kulturarrangement.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 09 mai 19:00 Chopin i ord og tonar 260/160 Kjøp