Den store julekonserten 6. - 7. des

Den store julekonserten

Fredag 6. desember kl 19.00
Laurdag 7. desember kl 17.00

Frå Jakob Sande til Walt Disney!

 

Endeleg - Opera Nordfjord innbyr for aller første gong til sin eigen julekonsert! Den store julekonserten er operaen si førjulsgåve til publikum, med dei vakraste av våre kjende og kjære julesongar, både norske og internasjonale favorittar.


På scena i Operahuset Nordfjord møtast eit stort, profesjonelt symfoniorkester, eit samansett kor frå heile regionen og solistane Lise Granden Berg og Alexander Standal Pavelich.

 

Lise er kjend for operapublikummet i Nordfjord for si rolle som Pamina i Tryllefløyten i 2011. Ho kjem opprinneleg frå Dovre, men er busett i Oslo, der ho arbeider som frilans songar og songpedagog.

 

Alexander har vakse opp i Opera Nordfjord som slagverkar, korist og i mindre roller i ungdomsåra til han no kjem tilbake som artist, kjend frå banda EYE EMMA JEDI og Lovespeake, og seinast som ein av deltakarane i Stjernekamp i 2018.

 

Michael Pavelich er som vanleg kormeister og musikalsk leiar og gler seg til å presentere sin favoritt-julemusikk!

 

 

 

Klikk her for Facebook-arrangement


Kvar konsert varer i om lag 2 t 15 min timar inkl. pause.

 

Billettprisar (inkl avg): 
Ordinær 395 kr
Barn, ungdom og student 250 kr
Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.