Desemberstemningar 1. desember
Desemberstemningar 1. desember

Desemberstemningar med Ole Edvard Antonsen & co

Laurdag 1. desember kl 18.00

Desemberstemningar feirar tiårsjubileum og kan invitere til ein glitrande julekonsert med det beste av alt jula kan frambringe. Vi garanterer god og lun julestemning og ei flott høgtidsstund framført av Ole Edvard Antonsen med band og gjestane Stine Hole Ulla og Knut Marius Djupvik.

 

Ole Edvard Antonsen treng vel neppe nokon næraere presentasjon. Som ein av dei fremste trompetsolistane i verda og ein av Norge sine absolutt største internasjonale stjerner, opptrer han jamleg som solist på dei store musikkscenene rundt omkring i verda, som Carnegie Hall i New York, Musikverein Wien, Tokyo, Sydney Operahouse pg Philharmonie i Berlin i tillegg til store arenaer som Olympiahalle München, Seoul Olympic Stadium og så vidare.

 

Stine Hole Ulla trollbatt det norske fjernsynspublikummet med si utruleg vakre stemme som vinnar av Norske talenter i 2012. Songaren frå Sykkylven har vore med i talentutviklingsprogrammet til Musikkonservatoriet NTNU i Trondheim samt ved Barratt Due's Musikkinstitutt i Oslo. Ho har spelt inn juleplate med Kringkastingsorkesteret, song som første norske artist saman med Kygo og deltok i den norske Melodi Grand Prix-finalen i 2016.

 

Knut Marius Djupvik kjem frå Tomrefjord. Han har drive med song og musikk heile livet, i 2012 fullførte han master i rytmisk musikk ved Universitetet i Agder. Etter utdanninga flytta Knut Marius til Oslo og har sidan levd av musikken. I 2013 blei han norgeskjent etter at han vann «The Voice - Norges beste stemme».

 

Velkomne til det mange omtalar som den ultimate julekonserten!

 

Konserten byrjar kl 18.00 og varer i om lag 1 t 20 min (ikkje pause).

 

Billettpris 460 kr inkl. avg.

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.
Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
lau 01 des 18:00 Desemberstemningar 460 Kjøp