Eva Weel Skram 8. november
Eva Weel Skram 8. november

Eva Weel Skram

Torsdag 8. november kl 19.00

Dei siste åra har Eva Weel Skram for alvor teke steget opp til å bli ein av landets aller mest folkekjære artistar. Helt sidan Eva byrja å synge på morsmålet etter deltakinga i «Hver gang vi møtes» på TV2, har det gått slag i slag for sogndalsjenta.

 

Høgdepunkta frå dei siste åra er mange: «Selmas song» var temalåt for NRK-braksuksessen Snøfall, og Eva si framføring av den vakre singelen «Berre la meg vær» på NRK Lindmo var gripande og personleg, og trefte publikum rett i hjartet.

 

Utselde hus i Den norske opera og Sentrum Scene i Oslo, Grieghallen i Bergen, Olavshallen i Trondheim og uendelege festivalspelingar har opna auga til publikum rundt om i landet, og dei vender tilbake gang på gang.

 

Singlar som «Hold meg» og «Om du vil» har blitt lagt til rekka av tidlegare hits frå «Hver gang vi møtes» og Eva & The Heartmaker, og fleire singlar kjem framover. På seinsommaren slepp ho sitt første album på norsk. Laurdag 21. juli held ho konsert på Malakoff. 

 

På konserten i operahuset kan vi altså vente oss ei blanding av heilt nye låtar og utvalde favorittar frå «Hver gang vi møtes» og Eva & The Heartmaker.

 

Vi gler oss til å oppleve fabelaktige Eva i operasalen!

 

evaweelskram.no

 

Konserten byrjar kl 19.00 og varer i om lag 1,5 time (ikkje pause)

 

Billettpris 460 kr inkl. avg.

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 08 nov 19:00 Eva Weel Skram 460 Kjøp