Flakkande Røynd 3. november

Rannei Grenne / Solveig Styve Holte / Heida Karine Johannesdottir / Anja Lauvdal / HAiKw/: 

Flakkande Røynd

Tysdag 3. november kl 19.00

«Flakkande røynd» jobbar tverrfagleg med dans, musikk og mote. Ein kan møte opplevinga slik ein går ein tur i skogen; å sjå og ta inn utan forventningar om å forstå, men heller forsøke å vere til stades.


Her strekkjer ein seg ikkje etter perfeksjon, alt får vere synleg, og detaljar, saumar og sprekker er opne. Naturen er til stades i både det ein ser og høyrer, publikum sit på og i eit landskap av stubbar, fuglekvitter og djupe bassrytmar kombinert med live framføring av tuba og preparert piano. Dansen er fjellstø og flakkande, det rigide og formale møter det mjuke og organiske og kan minne om is som frys, er i bevegelse og smeltar.


Grenne og Holte har over lengre tid arbeidd med ei kroppsleg utforsking av materiale frå koreografen Merce Cunningham. I dette stykket invitererte dei musikarane Anja Lauvdal og Heida Karine Johannesdottir og designarane Ida Falck Øien og Harald Lunde Helgesen i HAiKw/ til å utforske prinsippa for kunst og samarbeid Cunningham skapte med komponisten John Cage og biletkunstnaren Robert Raushenberg. Resultatet er ei liveoppleving som sit i kroppen lenge.

 

Dans, koreografi og konsept: Rannei Grenne og Solveig Styve Holte.
Musikk komponert av: Heida Karine Johannesdottir og Anja Lauvdal.

Musikk framført av: Guoste Tamulynaite og Peder Simonsen
Kostyme og scenografi: Ida Falck Øien, Harald Lunde Helgesen HAiKw/.
Dramaturgisk rettleiing: Melanie Fieldseth og Ellen Söderhult.
Produsent: Margrethe Nandrup Rylander.
Co-produksjon: DansiT og Black Box teater.

Foto: Tale Hendnes.

Framside foto: Kim Jakobsen To
Grafisk design: Pati Passero
Støtta av: Norsk Kulturråd, DansiT, FFUK, Trondheim kommune, Dansearena Nord, Weld.
 

Framsyninga er ein del av turnénettverket Dansenett Norge. 

 

Framsyninga varer i om lag 50 min. Rett etterpå blir det samtale med og mellom Rannei Grenne og Solveig Styve Holte. 

 

Svært avgrensa antal billettar! Publikum sit på scena, på puter og stubbar. Stol kan ordnast ved behov. Unummererte billettar. 

 

Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Publikum som kjøper billettar ilag, blir plasserte ved sidan av kvarandre, medan det blir ein meter mellom dei ulike billettkjøpa. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

 

Billettprisar inkl avg: 

Ordinær 200 kr

Student / ungdom / barn 150 kr

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
ty 03 nov 19:00 Flakkande Røynd 200 Kjøp