Frida Ånnevik 30. oktober

Frida Ånnevik - "Synlige hjerteslag" og andre songar

Fredag 30. oktober kl 20.00

I haust feirar Frida Ånnevik ti år som artist, utøvande musikar og låtskrivar. Det er blitt fem eigne plater, mange konsertar, fine samarbeid og uventa svingar. Men akkurat i haust har ho lyst til å dvele litt ved starten, og ta publikum med seg.

 

«Debutplata mi «Synlige hjerteslag» er eg først og fremst veldig stolt av. Den sette i gang alt. Låtar som «Strået» og «Vant til stemmen din» har vore med på nesten alle konsertane sidan 2010. Eg kan stadig gå på besøk i dei gamle låtane mine og grunne over dei, og eg har innsett at låtsamlinga på den første plata er låtar som eg kanskje skrev nokre nummer for store. Litt som kle du kan vekse i, tittelen på plata var i alle fall det. Den har eg har vakse inn i, det var kanskje ein målsetting, ein parole, eit «noko» eg ville vere. Å ha «Synlige hjerteslag» handlar om å tore å brenne, seie meninga mi, vere til, vere tydeleg, vere meg sjølv.

 

Låta «Min plass» på plata handlar om nettopp dette; om å finne min plass i scenerommet, men også i livet og kroppen og i verda. Det å stå heilt der framme i lyset og tore å sjå publikum, og la dei sjå og høyre meg. Det er noko eg har vakse inn i, og no kjennest det som eg er her og kan synge den og fleire av låtane på ein ny måte. Ikkje at eg ikkje kunne det for ti år sidan, for jeg peila ut ei retning då som eg har følgt sidan. Dette er min plass.»

 

Frida tar med seg sine stødige musikarar Andreas Løwe (tangentar) og Haldor Røyne (gitar) på turné i haust. Saman tar dei publikum med inn i ei verd med sterk musikalsk nerve, og framførar låtar frå debutalbumet «Synlige hjerteslag» og andre songar – både frå plata med same namn, og andre utgjevingar.


«Andre sanger» kom ut i september 2019 og blei overausa med terningkast fem landet rundt, og lista på både NRK P3 og NRK P1. Plateprosjektet vart til over fleire år. Albumet består av ti songar som betyr mykje for Frida, der ho har gjendikta eit vidt spenn av artistar og låtskrivarar som Joni Mitchell, Spice Girls, Astrid S, og Janis Ian. Med denne utgjevinga befesta Frida nok ein gang posisjonen sin som ein av dei beste tekstforfattarane i landet. Ho tok imot sin fjerde Spellemannpris i 2020.

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand /tilsvarande nære kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

 

Konserten byrjar kl 20.00 og varer i om lag 1,5 time, ikkje pause. 


Billettpris 395 kr inkl avg. 

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Stad bibliotek Nordfjordeid tlf 918 58 980 eller billettskranken i operahuset på kino eller kulturarrangement.
Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
fr 30 okt 20:00 Frida Ånnevik Kjøp