Frikar 5. november
Frikar 5. november

FRIKAR: GotoGuta

Tysdag 5. november kl 19.00

Akrobatikkalarm! FRIKAR er tilbake med ny, spenstig framsyning!

 

Kva fordreiv dei tida med før mobilen kom? Kva gjorde budeiene når gutane var i bygda, og gutane når jentene var i fjøset? Kva gjorde kjedelege stunder til kreative stunder? I Gotoguta, som tyder gutar frå ei «goto», får du hallingversjonen av «Backstreet boys» ... og slik oppstod «hulling».


GotoGuta er ein leik med tradisjonar og konvensjonar mellom tre av de flottaste tradisjonsdansarane vi har i Norge, og hardingfelemusikar som deltek aktivt på scena. Framsyninga formidlar danseglede og briljerer med imponerande og krevjande moment i
hallingdansen. I tillegg får vi sjå ei meir øm side enn kva ein forventar av den tradisjonelle folkedansen. Framsyninga utfordrar konvensjonane rundt mannleg fysisk samhandling, som hindringane ved nær fysisk kontakt, ein nedarva angst og litt kleint og klønete forhold mellom menn. Dette innbyr til lett komikk og høve å kjenne seg igjen.

 

“I GotoGuta merkar vi at energien som flyt mellom dei som er på scenen, utfordrar oss. Det er både svært kjenslevart og fullt av kraft og humor.” - Folkemusikk

 

"Korleis er fysisk kontakt mellom gutar annleis? Med GotoGuta ynskte eg å laga ein kraftfull trio som leikar med gruppedynamikk og stereotypiske forventningar til fysisk kontakt mellom gutar." - Hallgrim Hansegård, kunstnarleg leiar


“ Tender, powerful and acrobatic. In GotoGuta the energy that flows between the performers challenges us. It is both very sensitive and full of power and humour. It is good to see men behave in this way, with such a great breadth of expression. " - Marianne Lystrup, Folkemusikk

 

Dansarar: Jon Bugge Mariussen, Håkon Håvelsrud Odden og Nikolaj Bo Fischer Nilsen
Kunstnarisk leiar: Hallgrim Hansegård
Medskapande dansarar: Ådne R. G. Kolbjørnshus, Vetle Springgard og Hallgrim Hansegård
Medskapande musikarar: Andris Hemsing og Erlend Apneseth
Dramaturg: Célestine Hennermann
Lysdesign: Horst Muhlberger
Lyddesign: Herman Kvelprud
Kostymedesign: Hallgrim Hansegård/Sylvia Denais
Co-produsentar: Førdefestivalen, Riksscenen og Fjelldansen. Finansiert av Oppland fylkeskommune og Valdres. Forprosjekt og gjenopptaking er støtta av Kulturrådet

 

Klikk her for Facebook-arrangement

 

Målgruppe: 5-100 år, kvinner og menn. Men særleg egna for aldersgruppa 13-19. Inga aldersgrense. 

 

Framsyninga varer i om lag 55 min (ikkje pause)

 

Billettprisar inkl. avg.: 

Barn, ungdom og student 150 kr

Ordinær 250 kr

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller billettskranken i operahuset på kino eller kulturarrangement. Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
ty 05 nov 19:00 FRIKAR: GotoGuta 250/150 Kjøp