Gratiskonsert 16. nov kl 14:30
Gratiskonsert 16. nov kl 14:30

Gratiskonsert med Ethno Folkcamp

Foajeen 16. november kl. 14:30

16. november får Operahuset besøk av turneen til Ethno Folkcamp, som samlar unge folkemusikarar frå heile verda til eit grenselaust musikkmøte. 

 

Ethno Folkcamp er inspirert av Ethno World, eit verdsomspennande nettverk av folkemusikkleirar som samlar unge musikarar med ulik tradisjonsbakrunn. Dei lærer kvarandre sine melodier og spelar saman som eit orkester. Totalt er det 15 unge musikarar som reiser på turneen. Dei har sett saman eit repertoar som er unikt, spennande og overraskande, og publikum får musikk frå Syria, Brasil, Burkina Faso, Irak og Noreg. 

 

- Vi ynskjer å gje unge musikarar moglegheita til å spele saman og lære av kvarandre, og ikkje minst ynskjer vi å vise fram det fantastiske mangfaldet av musikarar som finst i Noreg, fortel prosjektleiar Karoline Kaarbø Asskildt fra JM Norway.


Ethno Folkcamp er òg eit prosjekt av JM Norway, den norske seksjonen av verdas største nettverk for musikk og ungdom. Saman med prosjektet Parkert Piano vil dei besøke tre parkerte piano på nordvestlandet.



DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
fr 16 nov 14:30 Konsert Parkert Piano Les meir