Halvdan Sivertsen 70 år

Halvdan Sivertsen 70 år

Fredag 30. oktober kl 19.00

Ein hyllest til livet, kjærleiken og saftig nordnorsk humor!

 

Halvdan Sivertsen starta året med å fylle 70 år 5. januar. Omtrent ved midnatt same dag var konserten i Oslo Spektrum utseld. Halvdan sine første 70 år på denne jorda, og den mangfaldige karrieren hans så langt, skal også feirast utover hausten i utvalde konserthus rundt om i landet.

 

Karrieren til Halvdan spenner over meir enn 50 år, frå den spede starten i pop- og rockmiljøet i Bodø på 60-talet, via visebølgja på 70-talet, til å bli ein av dei mest populære artistane i landet dei siste 30 åra.

 

I tillegg til å gje ut ei rekkje prisløna album og vere ein fjerdedel av tidenes største norske supergruppe, Gitarkameratene, har musikken til Halvdan blitt brukt i både film og teater. Dessutan vil Halvdan, for ein hel generasjon nordmenn, alltid bli huska som «faren» til Labbetuss.

 

Halvdan Sivertsen er ein varm og morosam person, og etter eit halvt århundre som artist, har han framleis mykje på hjartet. Han er opptatt av den stakkars kloden vår, og brenn framleis for kjærleiken, vennskap og dei som treng oss.

 

Vi garanterer en kveld med hits og klassiske låtar, med kort vei mellom ellevill gapskratt og det djupaste alvor. Med skråblikk på oss sjølv, samfunnet rundt oss og tida vi lever i, og med de mjuke balladane og dei fengande refrenga ein Halvdan Sivertsen-konsert alltid byr på.

 

Ver med å feire ein ekte heidersmann!

 

Konserten byrjar kl 19.00 og varer i om lag 1,5 time, ikkje pause

 

Billettpris 545 kr inkl. avg. 

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller billettskranken i operahuset på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
fr 30 okt 19:00 Halvdan Sivertsen 70 år 545 Kjøp