Opera Nordfjord: Hans og Grete
Opera Nordfjord: Hans og Grete

Hans og Grete, Opera Nordfjord

2. - 12. oktober

Den vakre, skumle, sjarmerande, morosame og gripande operaen Hans og Grete, etter Brødrene Grimm sitt eventyr, er Opera Nordfjord sin hovudproduksjon i 2019. Her er garantert noko for ein kvar smak: først og fremst storslagen, romantisk musikk, dernest folkelege barnesongar vi kanskje har høyrt før, himmelsk ballettmusikk når dei fjorten englane kjem ned og vakar over borna i skogen, ei skikkeleg fæl heks i eit pepparkakehus i skogen, ei ond stemor, og framfor alt: modige born.


Operaen er både ein fullskala opera for vaksne, med "moden" musikk, men òg ein spennande opera for barn. Så her kan heile familien gå saman, sjølv om det nok kan bli litt for skummelt for dei aller yngste borna.


Det kunstnariske teamet og solistlaget vert sett saman i desse dagar - enn så lenge har vi gleda av å presentere vår regissør, Jeff Pedersen frå USA, busett i Stongfjorden i Sunnfjord. Han driv sitt eige selskap, Jeff Pedersen Productions og er mykje nytta som teaterregissør og kampsportinstruktør. Det er ei stor glede å ha han med på laget, og vi gler oss til spennande samarbeid i det nye året. 


Hans og Grete hadde verdspremiere i Tyskland vesle julaftan 1893, dirigert av sjølvaste Richard Strauss, og operaen vart straks ein publikumssuksess for både vaksne og born. Operaen er av dei kjæraste og meste spelte i operalitteraturen på verdsbasis, og no er turen komen til Nordfjord. Opera Nordfjord har ønskt å setje opp dennne operaen sidan dei starta opp i 1998. Etter 20 år er dei klare, og vi gler oss til premiere og sju påfølgjande framsyningar!

Nordfjord Hotell tilbyr operapakkar, kontakt dei direkte her. 

 

 


Framsyninga varer i om lag 2,5 inkl. pause.

 

Billettprisar (inkl avg):
Ordinær 495 kr
Barn, ungdom og student 240 kr
Operaens venner 445 kr (maks 1 billett per medlem, bruk utsendt kode)
Det er ikkje grupperabatt eller honnørbillett.

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.