Heim til jul med Helgesenkoret
Heim til jul med Helgesenkoret

Heim til jul med Helgesenkoret

Laurdag 8. desember kl 18.00 + EKSTRAKONSERT kl 20.30

Er det slik at du ein stad djupt i deg sjølv kan minnast ei vidunderleg, rett ubeskriveleg kjensle av julefred, men ikkje heilt veit korleis du skal gripe om henne og hente ho fram att? Opplev fortryllande tonar frå Helgesenkoret, og la julefreden breie seg rundt deg og i deg, heilt av seg sjølv.

 

Dei åtte syskena Helgesen med familie og vener har i fleire år på rad fylt Selje kyrkje med sine adventskonsertar. I år blir konsertstaden Operahuset Nordfjord, og det er aller første gongen Helgesenkoret held konsert her!

 

Med glimt i auga, varm humor og mykje kjærleik spreier Helgesenkoret juleglede gjennom tradisjonelle norske julesongar, klassisk musikk og amerikanske slagerar. Dei tek oss rett og slett med «Heim til jul»!

 

Helgesenkoret er privilegerte som har dyktige Line Dybedal som medlem og musikalsk leiar. Line Dybedal har dei siste åra dei siste åra hatt tre julelåtar som vore lista på radio. Også i år kan publikum glede seg til ein nylaga julelåt frå Dybedal! Ho har også arrangert mange av songane.

 

"Heim til jul" er ein variert og stemningsfull julekonsert som har noko til ein kvar. Velkomne!

 

Konsertane byrjar kl 18.00 / 20.30 og varer i om lag 1,5 time (utan pause).

Billettprisar inkl. avgift:
Vaksne 300 kr
Barn/ungdom under 18 år 75 kr

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.
Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.