Johnny Logan og Hanne Krogh
Johnny Logan og Hanne Krogh

Hanne Krogh - Johnny Logan - Thomas Ruud

Torsdag 6. desember kl 18.30

Magiske augneblink ventar når Hanne Krogh og koret Stormklang inviterer til julekonsert. Gjesteartist er Irlands store son, Johnny Logan! Når stjernelaget også i år vert toppa med ein av våre beste operatenorar gjennom tidene, Thomas Ruud, ligg alt til rette for ei musikalsk oppleving på aller høgaste nivå.

 

Johnny Logan sitt formidable innslag på BBC si feiring av Eurovision sitt 60 års-jubileum på Apollo Theatre i London i 2015 gjorde inntrykk over heile Europa. Sidan dei møttest der, har Hanne Krogh jobba med å få han frigjeven til juleturné i Norge.
I år klarte hans tyske management, bortsett frå eit par datoar, å rydde plass for Norge i nesten ein heil månad. Johnny Logan har i dag konsertar over hele Europa og har nyleg signert kontrakt om ein film som skal handle om hans liv. På nyåret kjem det neste albumet, eit samarbeidsprosjekt med eitt av Tysklands store symfoniorkester.

 

Thomas Ruud held Pavarotti-nivå og syng hovudroller over heile verda, seinast på den store operaen i Singapore.


Hanne Krogh er nær fullbooka dei neste to åra og kan opplevast i ei rekkje store prosjekt - så sant det ikkje er adventstid. Då samlar ho artistar og musikarar på høgt internasjonalt nivå for å besøke bygder, byar, fjordarmar og tettstader i heile vårt langstrakte land.


Seksarane frå anmeldarane har alltid falle tett som snøkrystallar over Hanne Kroghs juleturnear. Hennar humoristiske og intelligente formidling av julebodskapen, kombinert med Johnny Logans magiske klang og Thomas Ruud si formidable stemmeprakt, lovar godt for at ein av norsk kulturlivs største suksessar held fram.

 

Konserten byrjar kl 18.30 og varer til om lag kl 20.15 - ikkje pause. 

 

Billettpris 565 kr inkl avg. 

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.
Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 06 des 18:30 Hanne Krogh - Johnny Logan - Thomas Ruud 565 Kjøp